Teknisk seniorforvaltar
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssens vei 7, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Teknisk seniorforvaltar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Seksjon for applikasjonsdrift består i dag av 30 medarbeidarar med driftsansvar for dei 500 største og mest kritiske applikasjonane i Helse Vest. Blant desse applikasjonane finn vi ulike system som understøttar heile pasientforløpet frå ein ringer ambulanse til ein blir skriven ut att frå sjukehuset. I tillegg driftar vi underliggande tenester som er naudsynte for stabil og sikker drift, samt administrative system som er naudsynte for føretaka på organisatorisk nivå.
Denne store og varierte systemporteføljen ivaretek vi i team med dyktige funksjonelle forvaltarar. Teama har eit tett samarbeid med både kundane i helseføretaka, leverandørar og resten av Helse Vest IKT. Appdriftaren i teamet er ein teknisk forvaltar som jobbar for effektiv, stabil og sikker drift, automatisering og kontinuerleg tenesteforbetring.
Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Vi jobbar mykje virtuelt og du kan difor sjølv velje arbeidsstad blant desse alternativa.
Arbeidsoppgåver
Hos applikasjonsdrift får du utføre både tekniske driftsoppgåver, 3. linje episodehandtering, samt prosjekt- og problemarbeid.
- Du vil ta del i planlegging og gjennomføring av:
- Installasjonar
- Vedlikehald
- Dokumentasjon
- Oppgraderingar
- Overvaking
- Testing
- Feilsøking
- Forbetringsinitiativ
- Rådgjevnad
- Du vil løyse saker som blir sendt vidare frå Kundesenteret og 2. linje.
- Du vil jobbe med problemsaker.
- Du vil i byrjinga bidra inn i seksjonen sitt dispatcharteam.
- Du vil vere med i løysingsteam ved omfattande episodar og beredskap på dine fagsystem.
Kvalifikasjonar
- IT- eller teknisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
- Jobberfaring innan applikasjonsforvaltning.
- God erfaring med Windows-serverar.
- Erfaring med Powershell.
- Erfaring med mobilapplikasjonar eller MDM (gjelder kun den eine stillinga).
- Kjennskap til Linux-serverar.
- Kjennskap til Kubernetes.
- Kjennskap til ITIL.
- Kjennskap til Ancible.
- Kjennskap til databasar.
- Kjennskap til brannmur.
- God kommunikasjonsevne på norsk (bokmål eller nynorsk) og engelsk.
Manglar du kjennskap eller erfaring på nokre av punkta? Vi oppfordrar deg likevel til å søke. Vi kan gi både intern og ekstern opplæring så lenge du er motivert for å lære. Fagbrev med fordjuping i IT-drift kan òg bli vurdert dersom du manglar høgskule- eller universitetsutdanning.
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvgåande, strukturert og analytisk.
- Du tek initiativ, samt planlegg og prioriterer dine eigne arbeidsoppgåver.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du er nysgjerrig på ny kunnskap.
- Du er ansvarsfull og gjer deg tilgjengeleg for å sikre stabil drift.
- Du er interessert i IKT-faget og har ei framståande løysingsorientert haldning.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb med interessante og ansvarsfulle arbeidsoppgåver.
- Spennande og varierte utfordringar.
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling i eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.
- Gode kompensasjonsordningar for overtid.
- Fridom under ansvar.
- Moglegheit til å påverke din eigen arbeidskvardag.
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid og heimekontorordningar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Telefon- og breibandsstøtte.
- Løn og oppstart etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Christen Olav Dale, Seksjonsleiar, +47 93 28 44 07Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4909918487
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2840765
- Hentet fra
talentech
- Referanse
90d2195c1e154039850c664ce4d0305b