IT-medarbeidar
Digitaliseringsdirektoratet
Lørenfaret 1 C, 0580 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- IT-medarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. november
Om stillinga
Vil du vere med og støtte opp under nokre av Noregs viktigaste digitale fellesløysingar – som Altinn og ID-porten? Har du teknisk kompetanse, eit serviceinnstilt hovud og trivst med å jobbe tett på menneske og teknologi? Då kan du vere den vi ser etter!
Vi har no ei fast stilling ledig som rådgjevar i seksjonen Drift og sikkerheit, avdeling for fellesløysingar. Du vil få ei sentral rolle i førstelinjestøtta ved kontoret vårt på Økern i Oslo, og bidra til at dei tilsette har ein smidig og effektiv digital arbeidskvardag.
Stillinga inneber òg ansvar for oppfølging av lærlingane våre, og du vil vere ein viktig ressurs for å sikre god drift av IT-utstyr og møteromsløysingar på lokasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Førstelinje brukarstøtte og lokal lærlingoppfølging
- Teknisk ansvar for møterom, skrivarar og videostudio
- Oppfølging av IT-status på kontoret – du er vår «husansvarlege» for IT
- Administrasjon og vedlikehald av Microsoft 365-løysingar
Kvalifikasjonar
Du må ha:- Microsoft 365-administrasjon
- Førstelinje brukarstøtte
- Teknisk drift av møterom og videostudio
- Oppfølging av lærlingar
- Azure VPN og nettverk
- Samarbeid i team og evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som:
- er systematisk og strukturert
- tek initiativ og jobbar sjølvstendig
- er involverande og trivst i team
- er trygg i krevjande situasjonar
- kommuniserer tydeleg og godt
Fagleg integritet og personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- familievennleg personalpolitikk
- lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 550 000 – kr 700 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
- fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Andreas Handegård  
E-post: andreas.handegard@digdir.no  
Telefon: 977 16 200  
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 475 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
 
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 0b445b27-c7c8-493b-98b2-d27a229fe725 
- Sist endret
- 30. oktober 2025 
- Hentet fra
- jobbnorge 
- Referanse
- 10268544 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Oslo
IT-medarbeidere
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo
ADF, BES - avdelingsdirektør
Arbeidsgiver
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Sted
Oslo