Leiarstøtte
Digitaliseringsdirektoratet
Lørenfaret 1C, 0580 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Leiarstøtte
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. november
Om stillinga
Vi har ei ledig fast stilling i avdeling for strategi og samhandling, der du vil jobbe med leiarstøtte og prosessleiing. Målet er å sikre ein smidig og effektiv arbeidskvardag for både leiinga og organisasjonen.
Digitaliseringsstrategien som vart lansert hausten 2024 har eit ambisiøst mål: Noreg skal vere verdas mest digitaliserte land innan 2030. Digitaliseringa skal gje innbyggarane ein enklare og tryggare kvardag, styrke konkurransekrafta i næringslivet og forbetre offentleg sektor. Digdir har ei nøkkelrolle i å realisere strategien – vi støttar departementa i gjennomføringa av digitaliseringspolitikken og gjer råd om langsiktige prioriteringar.
Vi jobbar for at offentlege tenester skal vere heilskaplege, samanhengande og av høg kvalitet – og at innbyggarane skal ha tillit til digitaliseringa.
Er du interessert i digitalisering og samhandling? Har du god forståing for offentleg forvaltning, er strukturert, tenker heilskapleg og har sterk gjennomføringsevne? Då vil vi gjerne høre frå deg!
Stillinga er fast, med arbeidsstad i Oslo.
Arbeidsoppgåver
Rolla kombinerer leiarstøtte med administrative og praktiske oppgåver for avdelinga, og er avgjerande for å sikre smidig, effektiv og profesjonell gjennomføring av møter, aktivitetar og interne prosessar. Eksempel på arbeidsoppgåver kan vere:
- Støtte leiinga i daglege gjeremål
- Tilrettelegging og koordinering av møter og arrangement
- Bidra til rapportering og styring i samarbeid med leiinga og verksemdsstyring
- Hjelpe og støtte med implementering og oppfølging av OKR
- Hjelpe og støtte avdelinga med læring og kompetanseheving på nødvendige og relevante område
Kvalifikasjonar
Du må ha:- ha relevant høgare utdanning på bachelor eller masternivå
- ha relevant erfaring frå offentleg forvaltning
- ha god digital kompetanse, inkludert i digitale samarbeidsverktøy
- ha gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Du- er strukturert, nøyaktig og proaktiv, med evne til å handtere fleire parallelle oppgåver
- har gode samarbeidsevner
- er god til, og trivst med, å koordinere og drive prosessar framover
- er profesjonell, rollebevisst og har evna til å tenke strategisk
- har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- blir motivert av høgt tempo og endringar
Vi legg stor vekt på personlege ønskjelege eigenskapar for stillinga.
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- eit spanande samfunnsoppdrag
- familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar: fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening kvar veke i arbeidstida
- hybrid arbeidskvardag med moglegheit for å veksle mellom å jobbe frå heime og å møtes på kontoret når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere
- lønn som rådgjevar i spennet kr 500 000 - kr 700 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seniorrådgjevar Gry Johanne Østby
E-post: gryjohanne.ostby@digdir.no
Telefon: +47 90981275
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 450 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.
Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
17d663e0-7490-4536-9901-0e4db70cd379
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267665
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Leikanger, Brønnøysund, Oslo
Avdelingsdirektør stab
Arbeidsgiver
Statens graderte plattformtjenester
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
DIREKTORATET FOR FORVALTNING OG ØKONOMISTYRING
Sted
Oslo