God agronomi i det grøne skiftet og Bygdevekstavtala
Vest-Telemarkrådet
Kviteseid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Prosjektmedarbeidar:
God agronomi i det grøne skiftet og BygdevekstavtalaVest-Telemarkrådet søkjer ein engasjert og initiativrik prosjektmedarbeidar til eit landbruksprosjekt i kombinasjon med Bygdevekstavtala for Vest-Telemark.
God agronomi i det grøne skiftet skal vera med på å auke verdiskaping og berekraft i jordbruket i Vest-Telemark. Bygdevekstavtala er i prosess der det blir satsa på fleire eigna bustader, fleire private arbeidsplassar og meir kompetanse innan helse og oppvekst.
Arbeidsoppgåver• Samarbeide tett med landbruksforvaltinga i dei seks kommunane i Vest-Telemark, faglaga (t.d. Telemark bonde- og småbrukarlag og Telemark bondelag) og andre relevante aktørar
• Planleggje og gjennomføre kompetansetiltak for landbruksnæringa
• Bidra til å formidle og gjennomføre agronomiske tiltak som gjev positive resultat for miljøet og økonomien for den enkelte bonde
• Implementere og gjennomføre tiltak i Bygdevekstavtala sin handlingsplan
Følgjande utdanning og kvalifikasjonar vil bli vektlagde• Mastergrad/bachelorgrad frå relevant fagområde
• God kjennskap til landbruk og distriktsutvikling
• Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta
• Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg (nynorsk)
• God digital kunnskap
Vi tilbyr• Fagleg spennande og varierte oppgåver
• Stillingsbrøk: 100 % prosjektstilling 2025-2027
• Løn etter avtale
• Gode pensjonsordningar i KLP
• Kontorstad i stort fagleg fellesskap i Kviteseid næringshage
Arbeidsgjevar: Vest-Telemark interkommunalt politisk råd (Vest-Telemarkrådet)
Send søknad og CV på e-post til aa@vt-radet.no innan 11. mars 2025.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Anne Aasmundtveit på telefon 402 38 178.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar skal leverast på intervjuet.
Det er krav om førarkort og eigen bil.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid kjem fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette jf. Offentleglova § 25.
Om bedriften
Vest-Telemark interkommunalt politisk råd (Vest-Telemarkrådet) er eit regionalt samarbeid mellom kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Rådet arbeider for at Vest-Telemark skal vera attraktiv for busetnad, arbeid og opplevingar.
Sektor
Offentlig
Nettsted