Hopp til innhold

Sjukepleiar 100 % fast - Ostereidet omsorgsbustad pluss

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Eidavegen 512, 5993 Ostereidet

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % fast - Ostereidet omsorgsbustad pluss
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Om stillinga

Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter? Me har ledig to faste sjukepleiarstillingar på 100 % ved Ostereidet omsorgsbustad pluss. Med årsturnus får du moglegheita til å planlegge balansen mellom arbeid og fritid på ein god måte. 

Ein kan velge om ein vil jobbe ordinære vakter med arbeid i snitt kvar 3 veke eller om ein vil ha langvakter med arbeid i snitt kvar 4 veke. I langvaktsturnus kan ein velge om ein kun vil ha langvakter, eller langvakter på helg og ordinære vakter ellers. 

I tillegg kan du som ekstern søkjar velje å binde deg i 2 år, mot eit rekrutteringtilskudd på kr 50.000 som vil bli utbetalt ved tiltrede.


Om avdelinga

Ostereidet omsorgsbustad pluss består av 28 leiligheter med fast bemanning heile døgnet. 

Bebuarane som bur her har ulike behov for oppfølgning. 

Avdelinga jobbar tett saman med heimetenesta som har lokale i samme bygg. Vi prøver ut "sjukepleiar på topp" slik at ein som sjukepleiar har ansvar for sjukepleiaroppgaver for brukarar i omsorgsbustadane og heimebuande. 

Avdelinga består av flotte kollegaer: Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, reinhaldsarbeidarar og kjøkkenpersonalet. Me har også lærlingar og praksiskandidatar. 

Me har eige nattpersonale ved avdelinga.


Arbeidsoppgåver

Som eit prøveprosjekt har vi innført ordning med "sjukepleiar på topp" på kveld og helg. Dette innebærer ansvar for beboerene i omsorgsboligenen samt heimebuande i Ostereidet distrikt. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.

På vakter utanom sjukepleiar på topp vil du inngå i bemanninga på Ostereidet omsorgsbustad pluss og oppfølgning av den enkelte brukars behov.


Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2– test

Me ser etter deg som:

  • Er effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo
  • Er sjølvstendig. Du trives med å ha ansvar og finner lett løsningar.
  • Er fagleg sterk. Du beholder roen i uforutsatte/akutte situasjoner og klarer å prioritere.
  • Er glad i mennesker. Du blir motivert av å jobbe med mennesker og ønsker å bruke faget til det beste for brukar.
  • Er positiv. Du er ein humørspredar – blant kollegaer og brukarane.
  • Er ein lagspelar. Du bidrar til eit godt samarbeid med brukar, pårørande, kollegaer og andre.
  • Er villig til å lærer opp og dele din kompetanse med andre kollegaer, studenter og lærlinger. 
  • Er framtidsretta. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løsninger.

Me tilbyr

  • Rekrutteringstillegg på kr 50 000 mot binding i 2 år for eksterne søkjarar.
  • Mulighet for langvakter. 
  • 10 000 kr over garantilønn ut frå ansiennitet
  • Kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling 
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Gratis parkering ved arbeidsstad

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Me er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Sølvi Ulvund

Einingsleiar Ostertunet omsorgsbustad pluss

+4794503159

solvi.ulvund@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 

  • 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
  • 2 omsorgsbustad pluss avdelingar: ein på Manger med 22 leiligheter og ein på Ostereidet med 28 leiligheter. Her bur bebuarane i eigne leiligheter og omsorgsbustadane er bemanna 24/7.
  • Kommunalt kjøkken og ressursbank er òg organisert i sjukeheimstenesta.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0ad460f4-6afc-4f7e-9b92-c543e7fc8aef

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289537

Lignende annonser

Laster lignende annonser