ID 2329 Sjukepleiar natt - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, spesialajukepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 85%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Denne stillinga er på natt. Som sjukepleiar natt jobbar ein ved ulike avdelingar, der sjukepleiarkompetansen er mest naudsynt til ei kvar tid. Som sjukepleiar ved Stord sjukeheim vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.
Stord sjukeheim er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med Knutsaåsen omsorgsenter skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar vil vera viktig inn i dette arbeidet.
**Det er ledig fast 85% stilling på natt for sjukepleiar.**Denne kan aukast til 100% stilling om ynskjeleg. Stillinga har arbeid på natt og kvar 3. helg.
Arbeids- og ansvarsområde:I denne stillinga vil du ta del i og ha ansvar for:
-
pleie og omsorgsoppgåver
-
oppfølging av tiltak, evaluering og dokumentering
-
å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
-
palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
legemiddelhandtering
-
fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
-
Autorisert sjukepleiar
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 eller 92486358, Marianne Leth Lups- avdelingsleiar natt 95940218
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0aad9a6b-072b-41ac-a064-fd8b6cd188a5