Hopp til innhold

Reinhaldsleiar

Arbeidsgiver

EIU - Reinhald - Region nord, Vestland fylkeskommune

Sted

Gymnasvegen 5, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Reinhaldsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 12. august

Eigedoms- og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er om lag 800 000 m², og utgjer mellom anna vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg og kultur- og administrasjonsbygg. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der kvar reinhaldsleiar har ansvar for 1-4 lokasjonar kvar. Vi trur at kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette. 

Vår ledige stilling som Reinhaldsleiar er for tida knytt til lokasjonane Voss vidaregåandeskule, Voss gymnas, Hjeltnes Produksjonsskule og Sogn hage- og jordbruksskule. Vi søkja ein erfaren og engasjert leiar, som kan motivera sine tilsette og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi har arbeid godt med arbeidsmiljøet i eininga og vann i 2024 arbeidsmiljøpris, og dette er vi veldig stolte av. Som reinhaldsleiar vil du vere med på å oppretthalde fokuset på nærværsarbeid i avdelinga. Den som blir tilsett må påberekna litt reise i samband med jobben. Stillinga er ledig frå 01.09.2026.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det er krav til politiattest. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk

Vi legg vekt på personleg eigenskapar.

Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og motivera dine tilsette og utvikle tenesta ilag med tilsette og brukar.
  • Dagleg drift av einingane, opplæring og oppfølging av tilsette.
  • Planlegge, kvalitetssikre og koordinere daglege reinhaldsoppgåver.
  • Sørgje for eit helsebringande arbeidsmiljø for dei tilsette.
  • Sjå til at regler for HMS blir fullt, herunder handterer avvik og setje iverk forbedringstiltak.
  • Bestille og administrere reinhaldsmidlar og utstyr.
  • Ha det overordna ansvaret for reinhald på lokasjonane du har ansvar for.
  • Rekruttering.
  • Rapportering til nærmaste leiar.
  • Du må pårekne å delta på reinhald.

Kvalifikasjonar

  • Deg som har erfaring med tillitsbasert personalleiing.
  • Fagbrev innan reinhald er ønskeleg. Søkjarar utan fagbrev må være villig til å ta dette.
  • God digital kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førerkortklasse B
  • Økonomisk forståing
    Ynskte kvalifikasjonar:
  • Sertifisering eller erfaring med kvalitetskontroll etter INSTA 800 nivå 3
  • Erfaring med fagsystem CleanPilot


Personlege eigenskapar

  • Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
  • Ein tydeleg og inkluderande leiar.
  • Du kommuiserer godt og byggjer tillit.
  • Evne til å motivera, utvikle og drive endring.
  • Fleksibel, strukturert og løysingsorientert.
  • Set brukar i fokus.
  • Evne til å skape gode relasjonar på tvers av arbeidsstader.
  • Har fokus på arbeidsmiljø og dine medarbeidarar.
  • Skapar tillit og samhald.
  • Løysingsorientert og proaktiv.
  • Har god gjennomføringsevne og kan jobba sjølvstendig.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

Ei spanande stilling med ansvar, utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter. Hjå oss vil du få moglegheit til å vekse både personleg og profesjonelt. Du vil bli ein del av eit svært kompetent leiarteam med eit inkluderande arbeidsmiljø der latteren sit laust. Vi sørgjer for å ha det gøy saman kvar dag!

I tillegg tilbyr vi:

  • Grundig leiaropplæring med moglegheit for interne og eksterne kurs.
  • Støtteapparat (HR, HMSK, løn).
  • Løn etter gjeldande lønsvilkår.
  • Oppstart etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Kontaktinformasjon

Hanne Hougaard Bisgaard, Områdeleiar, 95789400

Arbeidsstad

Gymnasvegen 5
5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5151674208
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Hanne Hougaard Bisgaard

Områdeleiar

95789400

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0a898ab2-60fd-4030-99eb-3a8718dc2b55

Sist endret

13. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

46cddab1f60a4ca0946a562738d392d5

Lignende annonser

Laster lignende annonser