Hopp til innhold

Vikariat som reinhaldar

Arbeidsgiver

Voss sjukehus, Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Om jobben

Oppstart
9. oktober 2026
Stillingstittel
Vikariat som reinhaldar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Støttetenester, Voss sjukehus som består av reinhald, portør og innkjøp, har eit godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidarar. Voss sjukehus har om lag 420 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.

Me har no ledig 100% stilling som reinhaldar i vikariat frå 9. oktober 2026 til 14. juni 2027. Stilling i turnus med dag-, kveld- og helgevakter.


Arbeidsoppgåver

  • Hovudreinhald
  • Reinhald av personalbustadar
  • Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
  • Vedlikehaldsoppgåver
  • Smittevask
  • Vask og reiing av senger
  • Arbeidsoppgåver i postkjøkken

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer etter personar med interesse for, og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men vil vere ein fordel
  • Det er krav til gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vera utadvent og serviceinnstilt
  • Arbeida strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Kunne arbeide sjølvstendig men òg ha gode samarbeidsevner
  • Arbeidet er fysisk krevande

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med motiverte og hyggelege kollegaer
     

Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Bjarte Nedkvitne, Seksjonsleiar, bjarte.nedkvitne@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5167478366
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 09.10.2026
Sluttdato: 13.06.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Bjarte Nedkvitne

Seksjonsleiar

bjarte.nedkvitne@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

06a69202-0edf-409f-99ae-18bde1a30245

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9f4765b4b397419290b5ac749bcd2a26

Lignende annonser

Laster lignende annonser