Intensivsjukepleiar/ Sjukepleiar med overvakingskompetanse.
Voss sjukehus/ Voss Intensiv, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Om jobben
- Oppstart
- 16. november 2026
- Stillingstittel
- Intensivsjukepleiar/ Sjukepleiar med overvakingskompetanse
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
Søk på jobben
Søk senest i dag
STILLINGA:
Intensivavdelinga ved Voss Sjukehus søker deg som er Intensivsjukepleiar eller er sjukepleiar med erfaring frå overvakingspasientar. Vi kan tilby allsidige og faglege utfordrande arbeidsoppgåver saman med gode arbeidskollegaer. Stillinga er i utgangspunktet eit vikariat til 10.01.2027 med gode moglegheiter for forlenging eller fast tilsetjing.
AVDELINGA:
Intensivavdelinga er ein tverrfagleg spennande arbeidsplass som kombinerer ØH og elektiv drift, og består av 14 intensiv- og overvakingssenger. Vi behandlar pasientar med organsvikt innan indremedisin, kirurgi og traume, og gir både invasiv og noninvasiv respirasjonstøtte. Dei mest kompliserte intensivpasientane blir stabilisert før transport til Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga fungerer som pre - og postoperativ oppvakingspost for elektive og ØH pasientar, og har ansvar for drift av dagkirurgiske forløp.
Avdelinga bidrar inn i traumemottak samt med kollegastøtte på sengepostane. Vi har og telemetriovervaking for sengepostane. Personalgruppa har ein fin aldersmessig variasjon, og består av både kvinner og menn med hovudvekt av intensivsjukepleiarar. Vi har fokus på godt miljø både på jobb og utanfor arbeidstid.
VOSS SJUKEHUS:
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Vi er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har om lag 400 tilsette og gjev tenester til rundt 30 000 innbyggjarar – i tillegg til pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger. Her får du vere del av eit oversiktleg sjukehus der du verkeleg kan utgjere ein forskjell!
Sjukehuset har mellom anna eigen sjukehusrevy, deltek i idrettsarrangement for bedrifter samt skipar til årlege samankomster på tvers av heile sjukehuset.
VOSS - bygd for sterke opplevingar:
Voss byr på eit unikt høve til å kombinere eit aktivt arbeidsliv med nærleik til storslått natur og eit rikt kulturliv. Her finn du både kvardagsro og store opplevingar – året rundt. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
- God omsorg for pasient og pårørande
- Ansvar for pre- og postoperativ sjukepleie
- Samarbeid på tvers
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning som intensivsjukepleiar eller sjukepleiar med overvakingskompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker deg som søker faglege utfordringar, med god evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du tek ansvar og jobbar strukturert og nøyaktig
- Du har evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og er løysingsorientert
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel og med gode kommunikasjonsevner
- Du bidreg aktivt for eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø som medverkar til fagleg og personleg utvikling
- Ein sosial og aktiv arbeidsplass, med varierte arbeidsoppgåver og god breiddekunnskap
- Fokus på fag og simulering
- Kompetanseutvikling med kompetanseplan/mål
- 3-delt turnus med 16 arbeidshelger
- Nytilsett program
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Sandstå Brattebø, Seksjonsleiar, 41566424Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5181863469
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 20.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Kristin Sandstå Brattebø
Seksjonsleiar
41566424
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
daae02ff-3e5a-4e62-9b7c-c33d8a11ab5e
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
97fee565076f4b4bb750c5d748b100ed