Hopp til innhold

Fjord1 søker trainee: Økonomi, rekneskap eller lønn

Arbeidsgiver

Framtidsfylket AS

Sted

Strandavegen 15, 6905 Florø

Om jobben

Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

Kva kan du vente deg?

Ynskjer du å utvikle din økonomiske kompetanse i kontinuerlig jakt på smartare måtar å jobbe på? Hos Fjord1 har vi fokus på å nytte det beste som er av teknologi og system for å utvikle vår drift til enno bedre styring og økonomi. Du skal ikkje kunne alt, men som trainee komme med fersk kunnskap, engasjement og nye perspektiv, slik at vi saman kan utvikle oss og skape gode resultat.

Som trainee i Fjord1 vil du oppleve eit år med interessante oppgåver, der du får utfordre deg sjølv med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med totaliteten av selskapet i fokus. Vi vil gje deg tett oppfølging og ein eigen mentor, slik at du får ein trygg og god start på arbeidslivet.

Vi ser etter deg som:

  • har ei sterk interesse for økonomi, rekneskap eller lønnsfaget, gjerne med ei bachelor- eller mastergrad
  • er strukturert, lærevillig og ikkje kvir deg for å komme med dine idear til bedre måtar å løyse oppgåver på
  • klarer å sjå det store bildet og sammenhengar mellom oppgåver og resultat
  • har interesse for business intelligence (BI), grensesnitt og systemflyt
  • evner å analysere talmateriale og har ein forståelse for økonomiske samanhenger

For å bli trainee gjennom Framtidsfylket har du:

  • minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • norskkunnskap minimum nivå B1

Kvifor Trainee hos Fjord1?

Veit du kva perle Florø er? Her finn du eit rikt næringsliv med tradisjonsrik industrihistorie, kombinert med det siste innan nyvinning og teknologi! På fritida finn du eit variert tilbod med godt utbygde treningsmuligheter i studio, på fjell og til havs. Byen har eit rikt kulturliv, frivillege organisasjonar, mellom anna ei handfull badstover på nydelege lokasjonar. Og ikkje minst, eit aktivt og spanande U40 team, perfekt for relasjonsbygging for deg som er ny eller tilbakeflyttar til byen!

Startar du arbeidslivet som trainee via Framtidsfylket Vestland får du ein smidig overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Du vil delta på traineesamlingar i løpet av året, har får du fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk i tillegg til å få oppleve mykje av det beste vi har i vårt vakre Vestland.

Vil du vere med på laget vårt? Send inn søknaden din i dag – vi ser fram til å høyre frå deg!

Om bedriften

Akkurat no venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

 Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0a7b3df9-6d44-443f-8c89-e2f9adec9d70

Sist endret

25. februar 2026

Hentet fra

karriere.no

Referanse

fd01f554-6b57-4a4d-854f-62ce52a21a46

Lignende annonser

Fjord1 søker trainee: Økonomi, rekneskap eller lønn - arbeidsplassen.no