Avdelingssjef radiologi og Seksjonsleiar for legar radiologi
Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingssjef Radiologi og Seksjonsleiar for radiologar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Klinikk for diagnostikk, Avdeling for radiologi Ålesund og Volda har to ledige stillingar: Avdelingssjef og Seksjonsleiar for legar radiologi. Tilsetting etter avtale.
Er du ein leiar som trivst i eit dynamisk, teknisk og innovativt miljø der leiareigenskapane dine får vekse? Då er dette stillinga for deg.
Vi ønsker oss visjonære leiarar som kan vidareutvikle avdelinga sine tilsette og leiarar til å levere diagnostikk og behandling på eit høgt nasjonalt nivå.
Du er opptatt av kvar enkelt tilsett og ønsker at alle skal få utvikle seg vidare og ta ut sitt personlege potensiale.
Avdelingssjef radiologi vil leie eit team av dyktige radiologar, radiografar, bioingeniørar, fysikarar, merkantile og støttepersonell som arbeider i eit høgt teknologisk miljø og samarbeider med både sjukehuset sine avdelingar og med primærhelsetenesta.
I tillegg til å vere glad i menneske er du interessert i innovasjon, forsking, kunstig intelligens og samarbeid.
Avdelingssjef radiologi Ålesund og Volda har personalansvar for fire leiarar. Leiarteamet med avdelingssjef i spissen skal saman sørge for at avdelinga og klinikken bidreg til god diagnostikk og til rammer for tilsette. Avdelingssjef vil vere ein del av klinikken sitt leiarteam.
Seksjonsleiar for legar radiologi Ålesund og Volda er leiar for rundt 40 legar og vi ønsker å auke talet i åra som kjem. Denne stillinga er ei delt stilling der 50 % er sett til leiing og 50 % til drift. Søkar bør derfor vere enten radiolog, radiograf eller bioingeniør.
Klinikk for diagnostikk er organisert på tvers, med einingar på alle fire sjukehusa i fylket og er samansett av fem avdelingar. Disse er Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund, Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og Avdeling for medisinsk mikrobiologi.
Radiologi Ålesund og Volda har modalitetar innan generell røntgen, CT, MR og UL. I Ålesund har vi i tillegg angio/intervensjonslab, nukleærmedisin med PET/CT og SPECT CT og brystdiagnostisk senter.
Avdelinga har samla om lag 100 hjemlar for legar, radiografar, bioingeniørar, fysikarar, merkantil mfl. og eit driftsbudsjett rundt 150 mill kr.
Vil du vere med på å skape gode helsetenester for pasientane våre og arbeide i eit spanande miljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast!
Sjå også: https://www.visitmr.com/
Vi ber om at du i søknadsteksten oppgir kva stilling du søker, og at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad,
Arbeidsoppgåver
- Leiaransvar for avdelinga/seksjonen, inkludert ansvar for personale, kvalitet, økonomi, HMS og drift
- Samarbeide med dei andre avdelingane i klinikken, andre sjukehusinterne klinikkar og eksterne aktørar
- Gjennomføre og utvikle klinikkens og sjukehusets målsettingar
- Rekruttering
- Medlem av klinikkleiinga ved diagnostikk*
- Andre oppgåver delegert frå, og definert av, klinikksjef
- Du må rekne med noko reiseverksamheit mellom avdelingane i Ålesund og Volda, og dei andre sjukehusa i fylket i samband med møteverksamheit i klinikken*
Kvalifikasjonar
- Du har relevant leiarutdanning og leiarkompetanse*
- Kompetanse og interesse for endringsleiing, organisasjonsutvikling, strategi og innovasjon
- God relasjonskompetanse og delegeringsforståing som gir evne til å motivere og leie gjennom andre
- Samarbeidsevne internt i eiga avdeling og med andre interessentar i føretaket.
- Evne til å motivere medarbeidarar på individ og gruppenivå
- Erfaring frå spesialisthelseteneste er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Interesse for faget og utvikling av dette
- Leiareigenskapar og interesse for leiing
- Motivert og framtidsretta
- Dynamisk, innovativ og interessert i teknologi
- Strukturert og løysningsorientert
- Omstillingsevne
- Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
- Evne til å jobbe i team
- Høg arbeidskapasitet og toler høgt arbeidstempo i periodar.
- Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Et høgt fagleg miljø
- Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement
- Gode pensjonsordningar
* Gjeldande stilling for avdelingssjef
Kontaktinformasjon
Per Erik Tødenes, Klinikksjef, 90058631, Per.Erik.Todenes@helse-mr.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4708230510
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2435253
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4197b71e230449a4a35c9190e188cf7e