Sjukepleiar
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Har du ei ekstra interesse for å arbeide med barn og unge?
På vår sengepost for barn og unge har vi 8 sengeplassar, men vi har også pasientar inne til dagbehandling fra ulike fagområder. Nå søker vi etter nye sjukepleiarar som har interesse, kompetanse og engasjement for å arbeide med den «nye» generasjonen og som vil vidareutvikle vår seksjon.
Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og håper at du vil vere med på innflytting i Norges mest moderne sjukehus på Hjelset våren 2025.
Vi ønskjer søkjarar både frå Nordmøre og Romsdal, grunna arbeidsstad både i Kristiansund og på Hjelset.
Er du usikker eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med meg!
Du er velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieoppgåver til dei unge og håpefulle
- Du vil bistå med opplæring og rettleiing til pasientane og deira pårørande
- Samarbeid med dyktige kollegaer frå ulike fagmiljø
- Handtering av medikament og god dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Vi ser etter personar med norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vi håper at du har erfaring frå pasientgruppa
- Det er ein fordel om du har god IT-kompetanse
- For arbeid med denne pasientgruppa må det framleggast politiattest
Personlege eigenskapar
- Ein kreativ og tålmodig lagspelar
- Spesiell interesse for barn og unge
- Du er dyktig til å kommunisere med pasientane
- Vi ser etter ein kandidat som er godt egna til pasientgruppa
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Eit flott arbeidsmiljø der ein samarbeider godt mellom faggruppene
- Fagutvikling med fagdag i turnus
- Arbeid med ei spennande pasientgruppe
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre herKontaktinformasjon
Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, +47 71121558, Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.noBente Askestad, Seksjonsoverlege , 71121590, Bente.Askestad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4738903050
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2500064
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d42ff483333c43239db7e51094ff390c