Pleiemedarbeidar 2 x 70 %
Heimetenester, Ørsta kommune
Dalevegen 24, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pleiemedarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Heimetenesta i sentrum søkjer to engasjerte pleiemedarbeidarar. Vi har ledig 2 x 70 % stilling.
Er du ein person som trivast med å jobbe sjølvstendig og i team med gode kollegaer? Har du godt humør, engasjement og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Har du evne til å takle ein hektisk kvardag og har eit godt lag med menneske i ulike livssituasjonar? Då kan dette vere ei stilling for deg.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte med vakter både kvardag og helg. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre gode tenester heile året. Har du starta på ei helsefagleg utdanning eller planlegg å starte utdanning, så vil det vere ein fordel.
Du vil få opplæring og kompetanseheving gjennom fagsystem, e-læring, kurs og fagdagar.
Arbeidsoppgåver
- Utøving av helsetenester til mottakarar av heimetenester
- Praktiske arbeidsoppgåver i brukar sin heim
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for dei som mottek tenester
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Vegleiing og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med arbeid frå liknade arbeid
- Du må ha førarkort klasse B
- Du må kunne nytte digitale fagsystem
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, løysingsorientert og søkjer ny kunnskap
- Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø, der du må kunne omstille deg raskt
- Er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til å kunne kommunisere med brukarane på ein god og forståeleg måte, både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6583 pleiemedarbeidar
Tilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Laila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 246153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4991984307
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0a383cc0-6c3f-4831-bfa8-acbd2df60b87
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f690ecdf1ca44308bc54841894ee5dd