Hopp til innhold

Forskings- og samlingsleiar

Arbeidsgiver

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur

Sted

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda

Om jobben

Nynorsk kultursentrum ser etter forskings- og samlingsleiar. Avdelinga forskar på nynorsk skriftkultur og tema knytt til dette. Vi samarbeider med institusjonar og forskingsmiljø i heile Noreg og forvaltar viktige samlingar og arkiv, som til dømes samlingane etter Ivar Aasen og Olav H. Hauge.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Avdelingsleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Hva vi ser etter

Vi ser etter ein trygg og tydeleg leiar med forskingskompetanse og engasjement og entusiasme for språk og kultur.

Desse kvalifikasjonane er ein føresetnad:

  • Gode leiareigenskapar

  • Gode samarbeidsevner

  • Mastergrad

  • God økonomiforståing

Desse kvalifikasjonane er ein fordel:

  • Leiarerfaring og/eller dokumentert leiarkompetanse

  • Doktorgrad

  • Kompetanse og erfaring med samlingar og arkiv

Arbeidsoppgaver

Vi ser etter ein leiar som vil styrke og stimulere forskingsmiljøet i stiftinga. Avdelingsleiaren har også ansvar for god framdrift i registreringa og digitaliseringa av samlingane og arkiva våre. Kontorstad er Aasentunet i Ørsta.

Forskings- og samlingsleiar er ein del av leiargruppa i stiftinga og rapporterer til direktør. Leiargruppa jobbar for best mogleg samarbeid mellom avdelingane i organisasjonen. Det er særleg viktig å styrke samarbeidet mellom forskings- og samlingsavdelinga og formidlingsavdelinga. Avdelingsleiaren har personalansvar for dei tilsette i avdelinga med kontorstad i Aasentunet (fem tilsette) og dei som jobbar frå eksterne kontorstader.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale, med utgangspunkt i lokal særavtale

  • 30 feriedagar for leiarar

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Avtalefesta pensjon

  • Gruppelivsforsikring

  • Medlemskap i fleire organisasjonar og nettverk som gir tilgang til både ressursar og gode kollegaer nasjonalt og internasjonalt

Kontaktperson for stillingen

Olav Øyehaug Opsvik

direktør

97130153

olav.opsvik@nynorsk.no

Om bedriften

Nynorsk kultursentrum er ei sjølvstendig stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur gjennom vitskapleg og kulturfagleg aktivitet som aukar kunnskapen og medvitet om nynorsk skriftkultur nasjonalt og internasjonalt. Stiftinga eig og driftar tre museum: Aasentunet i Hovdebygda (Ørsta kommune), Haugesenteret i Ulvik (Hardanger) og Vinjesenteret i Vinje (Telemark).

Stiftinga er finansiert over statsbudsjettet og av vertsfylka og -kommunane våre i tillegg til andre tilskot og gåver og kommersielle inntekter. Vi har til saman 27 tilsette fordelt på dei tre musea og kontorstadane, som samarbeider tett på tvers av avdelingar og geografisk stad for å nå måla våre.

Stiftinga er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0a32d771-0da8-4281-a985-e09254b3fdf5

Sist endret

31. juli 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

0a32d771-0da8-4281-a985-e09254b3fdf5

Lignende annonser

Laster lignende annonser