Byggeleiar
INV - Vegdrift nord, Vestland fylkeskommune
6863 Leikanger
Om jobben
Stillingstittel
Byggeleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 9. juli
Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.
Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Avdeling Vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Avdelinga har eit beredskapsansvar med vaktordning, der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vegvedlikehald er oppgåvene mellom anna mindre vedlikehaldsoppdrag som utviding av veg, møtelommer, siktutbetring mm. Det er eit mål å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. For å få til det er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og beredskap
Til Vegdrift nord søkjer vi no etter ein byggeleiar for vegvedlikehald med kontorplass på Leikanger i Sogn.Arbeidsoppgåver
- Fagleg hovudansvar for gjennomføringa og oppfølging av kontrakt
- Utarbeide kontraktsgrunnlag og mindre prosjektering
- Rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på eigne prosjekt
- Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
- Ha kontakt med andre myndigheiter, interessegrupper og media
- Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Relevant utdanning frå fagskule eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
- Gode IT kunnskapar er eit krav
- Førarkort kl. B er eit krav
- Erfaring innan fagfeltet er ynskeleg
- Kjennskap til Statens vegvesen sine håndbøker
- Evne til å samarbeide med og handtere grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og kollegaer på ein god måte
- Personlege eigenskapar som kommunikasjon og samarbeid vil bli vektlagt
- Sjølvstendigheit og fleksibilitet er eigenskapar som er viktige i stillinga
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Rune Sverre Sande, leiar, 91887230Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4982986026
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Rune Sverre Sande
leiar
91887230
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0a1b7992-dc63-4455-993a-9c67c3259305
- Hentet fra
talentech
- Referanse
db3d3e2fafdf44c3b37315a5b2dad3d0