Vert til Flyhistorisk Museum Sola og Torpedoverkstedet
Jærmuseet
Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vert til Flyhistorisk Museum Sola
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. juli
Vertejobben i Sømmevågen
Flyhistorisk Museum Sola og Torpedoverkstedet søker deg som liker å vera vertskap og formidle.
- Formidle flyhistorie og krigshistorie
- Vera vertskap
- Kafédrift
- Resepsjon og butikk
- Lett reinhald
- Stell av uteområde
Arbeidstid: Laurdagar og sundagar (ca 5 timar) i sesongen påske - november, og tysdag - sundag i skuleferien.
Jobben kan passe for studentar, vidaregåande elevar eller andre interesserte.
Oppstart i stillinga vil vera 1. august 2025.
Om musea i Sømmevågen
Gjennom eit besøk på Flyhistorisk Museum Sola får du innblikk i luftfarten si fantastiske utvikling, med vekt på lokal flyhistorie frå Stavanger Lufthavn si lange og innhaldsrike historie. Over 30 historiske fly og andre gjenstandar er stilt ut i den autentiske hangaren frå andre verdskrig. Ny utstillingshall skal vise ulike jagarfly og historier knytt til desse flya.
I Torpedoverkstedet vert ulike personhistorier frå andre verdskrig formidla.
I 2025 opna ny foajé med resepsjon, kafé og butikk.
Kvalifikasjonskrav og eigenskapar
- Du bør ha litt interesse for flyhistorie og/eller krigshistorie
- Du bør like å formidle
- Du må kunne arbeide sjølvstendig
- Du må kunne ta ansvar
- Du bør vere utadvendt og imøtekomande
- Du må kunne ta imot publikum på ein god måte
- Du må like å vera vertskap
- Du må kunne setje deg inn i historiene som vert formidla på musea
- Du må kunne formidle både på norsk og engelsk, gjerne òg litt på tysk
- Du må ha fylt 16 år i løpet av 2025
Alle vertar må levere godkjent politiattest ved tilsetting.
Jærmuseet ønskjer mangfald i staben, og alle kvalifiserte personar vert oppfordra til å søkja, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder og funksjonsevne. Me vil gi jenter ei ekstra oppfordring om å søke.
Jærmuseet tilbyr
- God opplæring
- Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
- Løn etter tariffavtale
- Gratis inngang på alle Jærmuseet sine anlegg.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har 77 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar.
Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling.
Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi.
Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.
Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.
Sektor
Privat
Nettsted