Lærar
Rørstadmarka skule, Sula kommune
6035 Fiskarstrand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i dag
Rørstadmarka skule har for komande skuleår, ledig inntil 200 % stilling i vikariat/engasjement.
Arbeidsoppgåver
Vere ein tydeleg klasseleiar som arbeider systematisk med relasjonsbygging og læringsmiljø og som forstår samanheng mellom det og god læring
Bruk av digitale hjelpemiddel
Planleggje og gjennomføre tilrettelagt, variert og inkluderande undervisning med vekt på å utvikle den faglege og sosiale kompetansen til elevane
Sikre eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø
Følgje opp og bidra til elevane si faglege utvikling.
Delta og bidra i skulen sitt profesjonsfellesskap
Samarbeide både innad i skulen, men også med instansar som ligg utanfor skule.
Kvalifikasjonar
Du har formell utdanning som grunnskulelærar 1.-7 eller 5.-10
Du har minimum 30 stp i to av dei tre basisfaga
Du har god forståing og kjennskap til læreplanverket
Du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
Du har gode digitale evner
Du har kunnskap om forebygging og handtering av utfordrande åtferd
Du har kjennskap til alternative kommunikasjonsformer - og hjelpemiddel
Du har erfaring som kontaktlærar i grunnskulen, 1.-7. trinn
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.
Personlege eigenskapar
Du er ein tydeleg klasseleiar som kan arbeide strukturert og systematisk.
Du er ein varm og raus vaksen med eit positivt menneskesyn
Du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane
Du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
Du er ansvarsfull, fleksibel og sjølvstendig
Du har evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samstundes ha godt humør
Vi tilbyr
Høve til å vekse og utvikle deg i eit profesjonelt læringsfellesskapEit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag
Engasjerte tilsette, elevar og foreldre
Tett samarbeid i team
Gratis parkering
Løn etter gjeldande tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Janne Lise Dragsund Lundbø, Rektor, 95710200, janne-lise.d.lundbo@sula.kommune.noTurid Olava Stokke, Inspektør , 95710201, turid.olava.stokke@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4966770152
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2937937
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a78082ea41094f01855be60ac0015149