Tenesteleiar Måløy Heimeteneste
Kinn kommune
Gate 1 64, 6700 Måløy
Om jobben
- Stillingstittel
- Tenesteleiar Måløy Heimeteneste
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velferdsteknologi. Måløy Heimeteneste har base på ICT bygget. Tenesta har dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna, fleire av dei har også 1 eller fleire vidarutdanningar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus og tilbyr todelt turnus.
Arbeidsoppgåver
Som tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i heimetenesta og på dagtilbod for eldre. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du, i samråd med medarbeidarar, har ansvar for at kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.
Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
• Planlegging, kvalitet og fagutvikling
• Sakshandsaming
• Økonomi -budsjettstyring
• Leiing og personalansvar
Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.
Kvalifikasjonar
3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag
Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing
Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS og WebSak.
Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
Personlege eigenskapar
Er lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder
Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser
Kan jobbe sjølvstendig
Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek ansvar og ansvarleggjer tilsette
Vi tilbyr
Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre
Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag
Deltaking i nettverk med dei andre tenesteleiarane i Helse og velferd
Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning
Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing
Systematisk etisk refleksjon for leiarar.
God pensjonsordning i KLP
Løn etter kompetanse
Kontaktinformasjon
Norunn Stavø, Kommunalsjef helse og velferd, +47 41536120, norunn.stavo@kinn.kommune.noArbeidsstad
Gate 1 646700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5046251784
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0984ce77-912c-4c9e-ac35-dd629f57d32e
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ce7162544da4d51b99963483287a694
Lignende annonser
Fastlege i Måløy
Arbeidsgiver
Helsetenesta, Kinn kommune
Sted
Måløy
Vikar for Kulturhusleiar
Arbeidsgiver
Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune
Sted
Måløy, Florø
Arbeidsleder kantine
Arbeidsgiver
Toma Facility Norge As Avd Bergen
Sted
Bergen, Vestland
Arbeidsgiver
Open omsorg ytre, Bremanger kommune
Sted
Bremanger