Hopp til innhold

100% fast stilling som miljøterapeut!

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Bufellesskap

Sted

Vågå

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 30. september

V *Miljøterapitenesta leverer tenester til personar både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming og/ eller psykiske lidelser.  *

Tenesta er delt inn i tre avdelinger. Det er to bufellesskap: Eksismoen, Finntunet, og eit dagsenter som ligg i Sjårdalen: Solhaug. Miljøterapitenesta skal sørgje for at kvar enkelt har ein trygg og forutsigbar kvardag, med størst mogleg grad av sjølvstendighet og mestring i eiga liv.

Vi har ledig ei 100% fast stilling i Miljøterapitenesta. Vi ynskjer primært søkjarar med helsefagleg utdanning, som helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og vernepleiarar. Men er opne for søkjarar med anna relevant utdanning, eller deg som er i gang med eller skal starte på relevant utdanning.

Stillinga utførar målretta miljøarbeid og tilrettelegging for meistring og utvikling. Tilsettgruppa har ein foreina praksis og arbeider etter rettleiing frå tenesta og habiliteringstenesta. Det er 2:1 bemanning rundt brukaren som stillinga er knytt mot per idag.

Oppstart: Desember 2026.

Turnus: Arbeidstida vil vere dag- og kveldsvakter i vekedagar og helgar i ei

100% stilling.

Arbeidsoppgåver (ikkje uttømmande):

  • Målretta miljøarbeid

  • Tilrettelegge for meistring og utvikling

  • Iverksettje tiltak, evaluere og forbetre

  • Samarbeid med prosjektgruppe, eksterne samarbeidspartar og spesialisthelsetenesta

  • Medikamenthandtering (kurs blir gjeve)

  • Aktiv i arbeid med HOL kap. 9 -- Tvang og makt.

  • Dokumentasjon i digitale system

Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar er ein fordel

  • Anna relevant utdanning blir også vurdert

  • Kandidatar som ikkje har relevant utdanning, men som anten er i gang eller planleggar å starte i utdanning er også oppmoda om å søkje

  • Relevant erfaring frå liknande type arbeidsoppgåver er ein fordel

  • Gode skriftlege og munnlege eigenskapar i norsk (tilsvarande minimum nivå B1)

  • Erfaring frå og komfortabel med å arbeide i ulike digitale system

Det er krav om politiattest for stillinga.

Personlege eigenskapar:
  • Du er trygg på deg sjølv og beheld roen i utfordrande situasjonar.

  • Du har gode kommunikasjonsferdigheter ved å være imøtekommande, tydeleg og tålmodig.

  • Du er støttande, empatisk og uthaldande.

  • Du er god til å førebygge og handtere konfliktar og du klarer å legge konfliktar bak deg

  • Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel.

  • Du har fokus på kompetanse og kvalitet, og er lojal til beslutningar som er tatt.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Kvifor bør du melde di interesse?
  • Spennande og utfordrande teneste der du som person kan bidra til å gjere ein stor forskjell for brukaren.

  • Rettleiing frå tenesta samt habiliteringstenesta.

  • Månadlege teammøter.

  • Moglegheit for kompetanseheving 

  • Minste startløn tilsvarande 8 års ansiennitet for deg som har helsefagleg utdanning.

  • God pensjonsordning via KLP

 Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.  

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. *

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. *

Kontaktperson for stillingen

Marion Holen

Avdelingsleiar

48857304

marion.holen@vaga.kommune.no

Om bedriften

I Miljøterapitenesta arbeider vi for mennesker med psykisk og fysisk utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at dei skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

09824203-fdf7-4354-babc-2a3fdce6e33f

Sist endret

11. september 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

09824203-fdf7-4354-babc-2a3fdce6e33f

Lignende annonser

Laster lignende annonser