Barneavlastninga har ledig eit vikariat i 40% stilling
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling i bu- og miljøtenesta, barneavlastning
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du interessert i å arbeide med barn? Er du under utdanning eller på utkikk etter nye utfordringar ? Sjå her!
Barneavlastninga i Stad kommune har ledig eit vikariat i 40% stilling. Vikariatet et ledig frå snarast mogleg og varer til 15.desember 2025.
Stillinga har 20% frie timar inkludert.
Arbeidstid er seinvakt, langvakter og nattevakter. Arbeidshelg kvar 4. helg med 12,5-timers langvakter. Eininga har årsturnus.
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinje
Kvalifikasjonar
- Studentar innan helsefagarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Studentar innan helsefag, sosialfag eller pedagogikk på høgskulenivå blir oppfordra til å søke
- Det er ønskeleg med relevant erfaring
- Ufaglært med gode personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Om du har spørsmål om stillinga ta kontakt med avdelingsleiar Stine Takle Piel på telefon 41 45 78 01.
Kontaktinformasjon
Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.noArbeidsstad
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4913559658
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Søknadsfrist: 17.02.2025
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851767
- Hentet fra
talentech
- Referanse
caf52140ef7049468ca31570a3a106e4