Fast 100% undervisningsstilling innan realfag
Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holsekerdalen 180, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fast 100% undervisningsstilling innan realfag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein lærar som har undervisningskompetanse i realfag. Det er pårekneleg å bli tildelt rolla som kontaktlærar. Aktuelle undervisningsfag er matematikk, naturfag, fysikk, kjemi og/eller biologi.
Fag- og timefordeling mellom faga kan variere frå år til år.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha utdanning på minimum bachelornivå, men helst på masternivå innan matematikk, i tillegg til undervisningskompetanse i naturfag, fysikk, kjemi eller biologi.
Søkjar må ha praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
Personlege eigenskapar
Er nyskapande, fleksibel og kan samhandle.Har høge ambisjonar på vegne av elevane, god formidlingsevne og eit positivt elevsyn.
Er ein tydeleg leiar i klasserommet, evnar å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane.
Er utviklingsorientert og initiativrik.
Er pålitelig og har gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Introduksjonsprogram.
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK).
Løn etter tariff.
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Margaret Alme, Rektor, 95839744Karen Topphol, Avdelingsleiar, 41552748
Arbeidsstad
Holsekerdalen 1806065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4950849676
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Karen Topphol
Avdelingsleiar
41552748
Margaret Alme
Rektor
95839744
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Om skulen (ulstein.vgs.no)
SKULEBYGG
Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.
KLASSETAL/ELEVTAL
Skulen skal for skuleåret 2025-2026 ha 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering, 1 klasse Påbygg til generell studiekompetanse, 6 klasser Idrettsfag, 4 klasser Elektrofag, 4 klasser Sal, service og reiseliv, 2 klasser IKT og medieproduksjon og 1 TPO klasse. Dette utgjer om lag 560 elevar.
SKULEDAGEN
Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Timeplanen vår er slik at vi har færre fag per dag og lengre økter i kvart fag. Enkelte dagar har vi berre eitt fag. Timeplanen vil variere frå veke til veke - dette for å få meir ro i skulekvardagen og få betre tid til fagleg fordjuping.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2913946
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d635bf16d02546baab47a28998df9960