Lærar - 200% vikariat
Rauland skule, Vinje kommune
Fv37 14, 3864 Rauland
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar - 200% Vikariat
- Oppstart
- 2. februar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Rauland skule er ein inkluderande og framtidsretta skule der tryggleik, trivsel og fagleg utvikling står i sentrum. No søkjer vi ein positiv og fagleg sterk lærar som vil vere med på å gi elevane våre ein god og inspirerande skulekvardag, tett på natur, kultur og fellesskap.
Hos oss får du ein arbeidsplass med høg trivsel, dyktige kollegaer og korte avstandar mellom idé og handling. Er du klar for eit vikariat der du verkeleg kan gjere ein forskjell?
Skulen vår er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår, med idrettsanlegg vegg i vegg og flotte turmoglegheiter og skiløyper i nærleiken. Skulen vår er ein 1-10 skule, med om lag 170 flotte og engasjerte elevar.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, utdanning og erfaring ved tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20
- Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
- Delta i, og bidra til lærande fellesskap ved skulane
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
- Kontaktlærarfunksjon og andre funksjonar i skulen kan bli lagt til jobben
Kvalifikasjonar
- Me ynskjer deg som har godkjent undervisningskompetanse til å undervise i grunnskulen, jf. opplæringslova.
- Me har behov for deg meg GLU 1 - 7 og med kompetanse i å undervise i bl.a. norsk, engelsk, spes.ped og øvrige fag på alle trinn frå 1.-10.
- Me har behov for deg meg GLU 5 - 10 og med kompetanse i å undervise i bl.a. norsk, tysk, engelsk, spes.ped og øvrige fag på alle trinn frå 1.-10.
- Andre fagkombinasjonar vurderast individuelt
- God digital kompetanse
- Gode norskdugleikar, både skriftleg og munnleg
- Ved manglande kvalifiserte søkjarar vil anna kompetanse og kvalifikasjonar bli vurdert individuelt
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
- Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
- Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
- Du er strukturert og overheld tidsfristar
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du tek ansvar og er profesjonell
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert i leik og samhandling med barn
Me tilbyr
- Flotte og engasjerte elevar
- Eit engasjert elevråd
- Kantine med gratis skulemat for elevar, og kostpris for tilsette
- Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
- Kontaktlærar har eit tillegg på kr. 42 000 pr. år for 1.-4. trinn, og kr. 30 000 pr. år for 5.-10. trinn
- Nyutdanna lærarar får rettleiing
- Løn etter avtale og kvalifikasjonar og ansiennitet
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
Stillingane er vikariat i Vinje kommune, for tida med arbeidsplass Rauland skule.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Aud Lillian Hustveit, Verksemdsleiar Rauland skule, +47 95752799Arbeidsstad
Fv37 143864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5050327104
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 25.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Aud Lillian Hustveit
Verksemdsleiar Rauland skule
+47 95752799
Om bedriften
Rauland skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda med gode fasilitetar. Skulen vår er ein 1-10 skule, og har om lag 170 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
09327ccb-05f8-41a9-949b-9e39d4207ef6
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4e702ebbabb14136bb96f27527195c42
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Åmot skule, Vinje kommune
Sted
Vinje
Arbeidsgiver
Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, Vinje kommune
Sted
Vinje
Prosjektleiar – Regionalt kompetansesenter for energisaker - 100 % - 3-årig prosjekt stilling
Arbeidsgiver
Kraftkompetanse KO, Vinje kommune
Sted
Vinje