Akuttsjukepleiar/sjukepleiar
Felles akuttmottak Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Akuttsjukepleiar/sjukepleiar
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. oktober
Felles Akuttmottak i Haugesund er inngangsporten for alle som treng akutt helsehjelp. Vi tek imot rundt 60 pasientar i døgnet – alt frå små skadar til livstrugande tilstandar. Hos oss er ingen dagar like. Du møter pasientar i alle aldrar og med ulike behov, og får ein variert og lærerik arbeidskvardag i eit sterkt og støttande fagmiljø.
Er du klar for ein jobb der det verkeleg skjer? Søk no – og bli ein del av laget vårt!
Kva går jobben ut på?
- Mottak, stabilisering og behandling av pasientar med behov for akutt hjelp
- Samhandling i tverrfaglege team
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for 12-timars turnus
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i akuttsjukepleie
- Minimum 2 års erfaring frå akuttmottak eller annan relevant erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
- arbeider godt i team, men tek òg sjølvstendige val
- er engasjert og lærevillig
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- har god digital kompetanse
Vi tilbyr
- Ei spanande og utfordrande stilling med moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit for 12-timars turnus
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5029440319
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 30.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Trude Karoliussen
Funksjonsleiar
+47 91856627
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
092b0004-d5ee-4882-a551-787a60fbafec
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6d7460ba1806479a89f854a68226b064
Lignende annonser
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Hjerte post, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Gastroenterologisk og nyremedisinsk post, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
2. års sjukepleiarstudent
Arbeidsgiver
Valen sjukehus
Sted
Haugesund