Hjarteposten søkjer ein engasjert helsefagarbeidar
Hjerte post, Haugesund sjukehus
Karmsundgaten 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Er du helsefagarbeidar med engasjement for fag og pasientomsorg?
Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Vi har ledig stilling frå 5. januar 2026, men vi kan tilpasse oppstart etter behov. Hos oss jobbar du i todelt turnus (dag–kveld og kvar tredje helg).
På hjarteposten behandlar vi pasientar med indremedisinske tilstandar, særleg kardiologiske utfordringar som akutt hjerteinfarkt, hjarterytmeforstyrringar og hjartesvikt. I medisinsk intermediær overvaking (MIO) gir vi omsorg og behandling til pasientar som treng kontinuerleg overvaking med alvorlege tilstandar som ketoacidose, intox og sepsis.
Hos oss blir du del av eit fagmiljø med høg kompetanse og fokus på samarbeid og kvalitet. Du får kollegaer som støttar kvarandre, og ein arbeidskvardag der du verkeleg merkar at innsatsen din betyr noko.
Avdelinga er i spennande utvikling, med planar om utviding og flytting til nye, moderne lokale. Vi håpar du vil vere med oss vidare – og bidra til at pasientane får den beste omsorga medan dei er hos oss.
👉Søk no og bli ein del
av vårt dyktige team!
Kva går jobben ut på?
- Følgje opp pasientar med fokus på individuell omsorg
- Aktivt bidra til utviklings- og forbedringstiltak i avdelinga
- Praktisere høg yrkesetikk og tilby heilheitlig pleie
- Samarbeide tverrfagleg for best mogleg pasientbehandling
- Veilede og støtte lærlingar i deira utvikling
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar.
- Gode datakunnskapar.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar med morsmål andre enn norsk, svensk eller dansk, som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten eller ein annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan det unntaksvis, i særlege tilfelle, gjerast avvik frå kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar!
Hos oss er det viktig at du:
- er fleksibel og trivst med variasjon i arbeidsoppgåvene.
- er ein dyktig samarbeidspartnar med god arbeidsmoral, ståpåvilje og ansvarsbevisstheit.
- er løysingsorientert og likar å jobbe i eit tverrfagleg og fleirfagleg miljø prega av høgt tempo, saman med entusiastiske og fagleg dyktige kollegaer.
- brenn for utvikling og nytenking, og held deg fagleg oppdatert.
- har sterke kommunikasjonsevner som bidrar til gode og trygge pasientforløp.
- har evne til å prioritere oppgåver under høg aktivitet.
- er ein engasjert teamarbeidar som alltid er villig til å støtte kollegaene dine.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit triveleg og utviklande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.
- Faglege utfordringar og utvikling i eit trygt og tverrfagleg miljø.
- Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Kompetanseplanar utarbeidd individuelt i samsvar med behova i organisasjonen
- Medlemskap i pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
For å vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar opplyse om dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon
Anna Flotve, Funksjonsleiar, +47 41863981, anna.flotve@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgaten 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5028031917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c4ab2aa1-c780-4fb8-9cc1-d3f5c187f824
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f321d0269c7f49c3899211b43835f742