Vil du leie utviklinga av LAR-poliklinikken vår på Karmøy?
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. juni
Som funksjonsleiar for LAR-poliklinikken på Karmøy vil du i dag inngå i leiarteamet ved Haugaland DPS, men frå oktober 2025 blir vi del av den nyoppretta Avdeling for Rus og Avhengigheit (ARA) i Helse Fonna. Det betyr at du får ei nøkkelrolle i vidare utvikling og utforming av poliklinikken – som ein del av ei styrka satsing på TSB-området.
Hos oss er LAR-poliklinikken ein del av fagområdet TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling), og vi gir behandling til personar med ruslidning. Målet vårt er å tilby eit omfattande og heilskapleg behandlingstilbod i tråd med nasjonale retningslinjer. Rehabilitering og utdeling av LAR-medikasjon er vil vera ein del av våre arbeidsoppgåver.
Du vil bli ein del av eit tverrfagleg team med spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, miljøterapeutar, lege og psykologspesialist – som saman arbeider for å gi pasientane eit nytt grunnlag for meistring i livet.
Gjennom å samle ressursar og fagutvikling innan rus og avhengigheit i ei eiga avdeling, ønsker vi å bygge ei god og framtidsretta teneste. ARA vil i tillegg til LAR-poliklinikken på Karmøy, også omfatte LAR-poliklinikk Haugesund, TSB poliklinikk (Haugalandet og Karmøy), TSB-post i Kopervik (ungdomsposten Karmøy) og Avgiftningsposten ved Haugesund sjukehus.
Vi gleder oss til å få ein ny leiarkollega med på laget – og håper det er deg vi får ønske velkommen!
Har du spørsmål eller lurer du på om dette kan vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar på telefon.
Kva går jobben ut på?
Som leiar vil du:
- Ha ansvar for fagleg utvikling i tråd med nasjonale føringar
- Bidra til kvalitet og pasientsikkerheit
- Planlegge og legg til rette for kompetanseutvikling og internundervisning
- Helda kontakten med samarbeidspartnarar i kommune og spesialisthelseteneste
- Ha ansvar for rekruttering, bemanning og dagleg drift
- Sikra godt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
- Styra drifta innanfor vedtatt budsjett
- Delta i klinisk arbeid og er tett på fag og pasientar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som lege eller psykolog
- Relevant helse- og sosialfagleg utdanning
- Gjerne vidareutdanning innan fagfeltet
- Gjerne leiarerfaring frå rus og psykisk helse
- Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har oversikt og evne til å prioritere
- kommuniserer tydeleg og samarbeidande
- tek initiativ og fullfører det du set i gang
- er ein trygg leiar og kollega som står støtt i endring
- er nysgjerrig på fag og vil bidra til utvikling
- har eit blikk for både detaljar og heilskap
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Vere med å utvikle eit heilt nytt tilbod for unge i ein viktig livsfase.
- Bli ein del av eit fagmiljø med høgt nivå, mykje engasjement og tett samarbeid.
- Delta i Helse Fonna sitt leiarutviklingsprogram.
- Støtte frå ei godt etablert forskingsavdeling.
- Ein jobb der du faktisk kan gjere ein forskjell – kvar dag
Kontaktinformasjon
Håvard Wester Breistein, AvdelingsleiarJanne Lyngstad, Avdelingsleiar
Arbeidsstad
Asaldalvegen 14250 Kopervik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4984190427
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Janne Lyngstad
Avdelingsleiar
Håvard Wester Breistein
Avdelingsleiar
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
09216ffc-7bfd-4cd6-986a-792915461059
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d29f298f88bc43748aaf0bb03aa9f34c