Sjukepleiar
Helse- og omsorgsetaten, eining 3 Alvehaugen bu og rehabilitering - korttid
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du sjukepleiar og har lyst å jobbe i ei variert og spennande avdeling?
Vi har ledig 100 prosent fast stilling på korttidsavdelinga vår (avdeling G). Stillinga fordeler seg med 80 prosent på avdelinga og 20 prosent i ressursbank. Turnusarbeid på dag og kveld, og arbeid kvar fjerde helg om du har langvakter i helga (langvakter er frivillig). Vaktene i ressursbanken går til å dekke fråvær på avdelinga eller andre avdelingar på Alvehaugen.
Avdelinga har god sjukepleiedekning, og du vil jobbe som ein del av eit team på 8 sjukepleiarar, 8 helsefagarbeidarar, lærling og assistent.
Avdelinga har 18 plassar og er organisert i to grupper som samarbeider tett om oppgåver og arbeidsfordeling. Vi tek imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus og pasientar frå eigen heim som treng korttidsopphald. Vi har også nokre pasientar med vedtak om fast plass. Kommunen sin KAD-plass er på avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar vil du ha varierte faglege utfordringar og arbeidsoppgåver knytt til ulike pasientgrupper. Avdelinga tek imot pasientar i alle aldersgrupper, dei fleste er eldre. Pasientane er ofte multisjuke og har behov for rehabilitering, medisinsk utgreiing, behandling eller palliasjon. Vi legg vekt på å ha eit godt samarbeid med pasient og pårørande, og samarbeider tett med andre einingar i omsorg.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- God skriftleg og muntleg norskkunnskap
- Tilfredsstillande politiattest
Personlege eigenskapar
- Du likar å jobbe med eldre
- Du er roleg og trygg i utfordrande situasjonar og taklar å arbeide i eit hektisk og variert arbeidsmiljø
- Du er positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen
- Du kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- turnus som inneheld langvakter, heilt eller delvis
- regulerte lønns- og avtalevilkår
- eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer
- aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
- ein variert og utfordrande jobb med mange spennande arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
- moglegheit for kompetanseheving og kursing
- god opplæring til deg som er ny
Kontaktinformasjon
Gunn Sætre, Einingsleiar 3, +47 98230617Arbeidsstad
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetatenReferansenr.: 4737131899
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2023
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2497620
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e3eca68e873f4901aaa9f9d1ffd2ce2a