Vi søker ny leiar for Eining for innvandring og integrering
Aukra kommune Oppvekst og kultur
Nyjordvegen 12 , 6480 Aukra
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. juli
Eining for innvandring og integrering har ansvar for etablering og kvalifisering av flyktningar som blir busette i kommunen, vaksenopplæring, drift av døgnbemanna bufellesskap og oppfølgingsteam for einslege mindreårige flyktningar. Eininga er del av sektor for Oppvekst og kultur. Vi søker no etter ny einingsleiar. Eininga har eit samla ansvar for arbeid med flyktningar, asylantar og arbeidsinnvandrarar i kommunen.
Aukra kommune har over mange år busett mange flyktningar. Dei fleste finn seg godt til rette i Aukra og blir verande i kommunen. Eininga kan vise til gode resultat med tanke på overgang til arbeid og utdanning, og har vore ein pådrivar i arbeidet med integrering og inkludering. Eininga arbeider kontinuerleg med å tilpasse tenesta etter innbyggjarane sine behov.
ArbeidsoppgåverEiningsleiar for Innvandring og integrering skal leie arbeidet med å koordinere introduksjonsprogrammet for nybusette flyktningar. Videre skal leiaren utvikle Aukra kommune sitt arbeid med mangfald, integrering og inkludering, og bidra til god samhandling med frivillige organisasjonar, andre kommunale avdelingar, offentlege etatar og lokalt næringsliv. Eininga har òg ansvar for å organisere tilbod om vaksenopplæring for flyktningar og innvandrarar, samt ansvar for drift av avdeling for einslege mindreårige flyktningar. Einingsleiar har eit overordna ansvar for drift og økonomi, og personalansvar for alle avdelingane.
I eininga sin administrasjon er det 6 tilsette; 3 programrettleiarar og 3 miljørettleiarar. Vaksenopplæringa har avdelingsleiar i 40% stilling og 3 – 4 lærarar. Desse to avdelingane er samlokaliserte. I avdeling for einslege mindreårige har ein koordinator det faglege ansvaret. I denne avdelinga er det til saman 8 tilsette. Til saman er det om lag 20 tilsette i eininga.
Som einingsleiar er du ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Leiargruppa har månadlege møte.
Krav til søkarAukra kommune søker ein einingsleiar med erfaring frå kommunalt integrerings- og inkluderingsarbeid, og som har engasjement for arbeid med flyktningar. Vi ønsker oss ein leiar som kan samarbeide på tvers av fagområde, som kommuniserer godt internt og eksternt og som er ein lagspelar. Du må vere ein tydeleg leiar som arbeider målretta og strategisk til det beste for brukarane, organisasjonen og lokalsamfunnet. Relevant høgare utdanning og leiarerfaring er ønskeleg.
Personlege eigenskapar:Du er løysingsfokusert, fleksibel og utviklingsorientert
Du har evne til å inspirere og motivere medarbeidarane, og til å skape eit godt arbeidsmiljø
Du er strukturert og kan planlegge i tråd med kommunen sine overordna planer
Du er handlekraftig og har gjennomføringskraft
Du kommuniserer godt internt og eksternt, og er opptatt av å bygge gode relasjonar
Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ser etter
Vi tilbyrDeltaking i ei engasjert og aktiv tverrfagleg leiargruppe
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår med løn etter avtale
Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Aukra kommune er IA-verksemd, og vil legge til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.
PrøvetidGjensidig effektiv prøvetid på 6 månadar. Ved lengre fråvær kan utvida prøvetid vere aktuelt.
SøkarlisteOm du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.
Søknad sendastAukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Søknadsfrist: 07.07.25 Utlyst dato: 10.06.25KontaktpersonKommunalsjef for Oppvekst og kultur Jan Erik Hovdenak, tlf. 924 14 627
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
08ef72a7-841d-46fc-9cc5-5f8f9814368e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3513179_189809_nn