Kokk søkes til å jobba anna kvar helg.
Hemmeleg Restaurant
Storgata 12, 4340 Bryne, Time, Rogaland
Om jobben
Stillingstittel
Kokk
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Vakt, kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Er du ein av våre hemmelege og dyktige kokkar? I så fall vil me ha med deg i utviklinga og drift videre av eit hemmeleg restaurantkonsept på Bryne. Du vil væra med i den kreative utforminga av konseptet saman med kjøkkensjef og dagleg leiar.
Du må villa tenka utanfor boksen og ha eit ynskje om å pressa grenser for å skape rustikk mat i eit uformelt miljø
Me har eit kreativt kokkemiljø på Bryne som fordyper seg i matfatet på Jæren og tenker berekraftig. Me vil servera ekte og skikkelig mat og tilby opplevingar utover god mat og drikke.
Du vil jobba anna kvar helg eller tilsvarande og ha dette som eit deltids engasjement.
Om bedriften
Hemmeleg er ein berekraftig restaurant for gode matopplevingar midt i matfatet på Jæren. Me serverer ærleg og ekte mat med skikkelege råvarer frå stolte produsentar. Med ein god dose hemmeleg kreativitet vil me gje gjestene våre ei ugløymeleg oppleving.
Hemmeleg opna august 2019 og er ein restaurant med hemmelege matopplevingar, a la carte og mat du kan ta med heim. Me er ein nynorskrestaurant med rom for kreativitet, leik og kjærleik. Me har ei unik nærleik til våre leverandørar og skal løfta den lokale bonden i presentasjonen av maten me serverer.
Me er bonden Jone Wiig, kokken Arne Nese, ølsomelieren Bjørn Hagerup Røken og kreativ leiar Frode Hagerup jr.
Vår dyktige kjøkkensjef, Jim Vatland, leier våre kokkar og vil vera din leiar.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2076954
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0879663e-e4e4-4882-b6da-84ee315af536