Hopp til innhold

To ledige vikariat som barne- og ungdomsarbeidere 100% stilling

Arbeidsgiver

Preg Barnehager Toftøy As

Sted

Skulebrekka 31, 5337 Rong

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Vil du vere med og skape ein kvardag full av leik, læring og glede? Preg barnehager Toftøy søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar som vil vere med og byggje eit miljø prega av omsorg, fellesskap og fagleg kvalitet. Hos oss får du bruke både fagkunnskap, kreativitet og engasjement – kvar dag.

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider, barnehage
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som har eit varmt hjarte for barna -- og som ønskjer å vere ein trygg, nær og inspirerande vaksen i kvardagen deira.

Du ser verdien av fellesskap, glede og respekt, og trivst i eit miljø der tru og verdiar får vere ein naturleg del av barnehagedagen.

Du er til stades i leik, tek initiativ, og møter både barn og kollegaer med omsorg, humor og raushet.

Du er ein lagspelar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet, og som ser at små handlingar kan gjere stor forskjell.

Det er ønska at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, men erfaring og personleg skikkethet blir vektlagt.

Arbeidsoppgaver

  • Bidra til å skape ein trygg, omsorgsfull og utviklande kvardag for barna

  • Delta aktivt i leik, aktivitetar og turar -- både ute og inne

  • Vere ein tydeleg og varm vaksenperson som støttar barna i sosialt samspel og utvikling

  • Samarbeide tett med pedagogar og kollegaer om planlegging, gjennomføring og refleksjon

  • Delta i praktiske oppgåver som måltid, stell og rutinar gjennom dagen

  • Bidra til eit godt foreldresamarbeid og eit positivt arbeidsmiljø

  • Vere med og vidareutvikle barnehagen i tråd med rammeplanen og barnehagen sine verdiar

Vi tilbyr

  • Ein inkluderande og varm arbeidsplass der humor, raushet og fagleg engasjement står sterkt

  • Eit miljø der alle blir sett, og der vi løfter kvarandre i kvardagen

  • Varierte og meningsfulle dagar saman med flotte barn og gode kollegaer

  • Tid og rom for fagleg utvikling, rettleiing og refleksjon

  • Moglegheit til å påverke og bidra i eit barnehagemiljø i utvikling

  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med PBL si tariffavtale

Om bedriften

Toftøy barnehage er ein 6 avdelings barnehage som opna i 2013 Vi heldt til i naturskjønne omgjevnader i Toftøy i Øygarden kommune. Barnehagen vår er omkransa av skog, og rett ved sidan ligg både skule og idrettsanlegg. I barnehagen har vi eige fellesrom som barna kan ha nytte av kvar dag, denne kan vi i tillegg bruke til ulike arrangement saman med foreldra. Vi har eit stort uteområde med eigen skog som er inngjerd og mange moglegheiter til tur i nærmiljøet.

I vår barnehage skal alle ha ein venn! Dette skal gjennomsyre heile planen vår og vera med å skape dei store linjene i det pedagogiske arbeidet saman med barna

Preg barnehager sin visjon er: "Sammen om å sette verdifulle spor". Verdiane våre er laga med utgangspunkt i Visjonsdokumentet, som er eit felles dokument for alle Preg barnehager. Verdiane våre er: Nestekjærleik -- Likeverd -- Mestring..

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

086dc139-1765-4b5a-9c2d-f18611a74005

Sist endret

11. november 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

086dc139-1765-4b5a-9c2d-f18611a74005

Lignende annonser