Hopp til innhold

Helseheltar søkjast! Bli vår nye kollega ved Askvoll omsorgssenter

Arbeidsgiver

Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter

Sted

Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar ved Askvoll omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
5
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.


I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap. 

Askvoll omsorgssenter består av:
Kårstova – skjerma avdeling med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens. Gruppa har stort fokus på miljøterapi og deltaking i bebuarane sin kvardag.
Solstova/Rask – gruppe med 16 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på å gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie.
Smia/Fløyen – gruppe med 10 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og 6 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på rehabilitering og gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Tett tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut og ergoterapeut.

Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:

  • 80% fast stilling på natt ved Kårstova
  • 20% fast stilling på natt ved Kårstova
  • 58% fast stilling på natt ved Solstova/Rask
  • 20% fast stilling på natt ved Solstova/Rask
  • Helgestillingar frå 10-20% fast

Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på. 

Arbeidsoppgåver:
  • Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?»
  • Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrer
  • Medikamenthandtering
  • Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæring
  • Rettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevar
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Etaten nyttar Acos Cosdoc som dokumentasjonsverkty
Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning
  • Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg
  • Mogeleghet for å jobbe langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. I stadenfor vanlege vakter kvar tredje helg
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP
  • Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing i følgje personalhandbok for Askvoll kommune

Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart. 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Frank Vagstad Eimhjellen

Einingsleiar Askvoll omsorgssenter

+47 90151856 +47 57734507

frank.vagstad.eimhjellen@askvoll.kommune.no

Om bedriften

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

084e6047-b017-460d-833b-ffdedac5d9be

Sist endret

16. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3670201_171745_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser