Helseheltar søkjast! Bli vår nye kollega ved Askvoll omsorgssenter
Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter
Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiarar/vernepleiarar ved Askvoll omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. november
Vi søkjer etter engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil vere med på å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om å skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap. Som sjukepleiar/vernepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging.
Askvoll omsorgssenter består av:
Kårstova – skjerma avdeling med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens. Gruppa har stort fokus på miljøterapi og deltaking i bebuarane sin kvardag.
Solstova/Rask – gruppe med 16 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på å gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie.
Smia/Fløyen – gruppe med 10 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og 6 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på rehabilitering og gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Tett tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut og ergoterapeut.
Vi har følgjande ledige stillingar med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:
- 100% fast stilling ved Kårstova
- 80% fast stilling ved Solstova/Rask
- 20% fast stilling på natt ved Smia/Fløyen
- 100% vikariat ved Smia/Fløyen, frå snarast – 09.08.2027
- Helgestillingar frå 10-20% fast
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver:
- Utøve direkte sjukepleie med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?»
- Sikre fagleg kvalitet i samsvar med gjeldande krav og retningsliner
- Ta i bruk velferdsteknologi der det er hensiktsmessig
- Dokumentere og rapportere etter gjeldande prosedyrer
- Sjukepleiefagleg ansvar i gruppa og bakvakt ved behov
- Medikamenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæring
- Rettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevar
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos Cosdoc som dokumentasjonsverkty
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjon
- Positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning
- Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg
- Mogeleghet for å jobbe langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. I stadenfor vanlege vakter kvar tredje helg
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing i følgje personalhandbok for Askvoll kommune
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetjing og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknadens in før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Frank Vagstad Eimhjellen
Einingsleiar Askvoll omsorgssenter
+47 90151856 +47 57734507
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0589fa58-69a3-41af-98d0-b69763b73bc9
- Sist endret
16. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3670181_171745_nn