Ledig 100 % stilling som Vaskerioperatør / nestleiar vaskeri
SPIRA UTVIKLING AS
Tongane 59, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Vaskerioperatør / nestleiar vaskeri
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Om stillinga
Vaskeriet vårt er i sterk vekst etter nye avtalar med Haugesund sjukehus, og me søkjer difor ein engasjert vaskerioperatør som også skal fungere som nestleiar. Du får ei sentral rolle i ein produksjon som betyr noko -- både for kundane våre og for dei tilsette i tilrettelagt arbeid som du vil rettleie og støtte i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
• Delta i og sikre dagleg drift av vaskeriet (rein og urein side)
• Rettleie, støtte og følgje opp tilsette i varig tilrettelagt arbeid
• Planleggje og koordinere arbeidsoppgåver i produksjonen
• Sikre at rutinar, kvalitetskrav og prosedyrar vert følgde
• Ha oversikt over lager, varer og forbruk
Som nestleiar vil du i tillegg:• Sikre god flyt og samarbeid mellom avdelingane
• Bidra til god kundebehandling og kontakt med samarbeidspartnarar
• Følgje opp kvalitet og leveransar
• Medverke til vedlikehald av maskiner og utstyr
• Delta i forbetringsarbeid og utvikling av gode arbeidsprosessar
• Vere stedfortredar ved vaskerileiar sitt fråvær
Kvalifikasjonar
• Erfaring frå produksjon, vaskeri eller liknande arbeid er ein fordel
• Erfaring med rettleiing, oppfølging eller arbeid med menneske er ønskjeleg
• Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
• Evne til å strukturere og organisere arbeidsoppgåver
• Grunnleggjande teknisk forståing
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
• Du er tydeleg og trygg i møte med ulike menneske
• Du har evne til å motivere og skape meistring
• Du er strukturert og løysingsorientert
• Du tek ansvar og viser initiativ
• Du trivst i ein variert og aktiv arbeidskvardag
Kvifor jobbe hos Spira utvikling?
• Ei verksemd i vekst -- du kjem inn i ein spennande fase med aukande produksjon og nye kundar
• Meiningsfylt arbeid der du bidreg til både verdiskaping og inkludering
• Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar
• Moglegheit til å påverke og utvikle rolla di
• Opplæring og støtte i nestleiarrolla
• Pensjons- og forsikringsvilkår
• Lønn etter avtale -- bedrifta har tariffavtale
Den som får tilbod om tilsetjing, må leggje fram politiattest. Praktisk informasjon**Ønska oppstart:**01.06.2026
**Søknadsfrist:**19.04.2026
**For meir informasjon, ta kontakt med:**Sollaug, tlf. 995 40 722
Om bedriften
Spira utvikling AS er ei arbeidsmarknadsverksemd eigd av Etne kommune og Vindafjord kommune, med om lag 50 tilsette. Me driv vaskeri, transport og ei rekkje andre avdelingar -- og er tiltaksarrangør for NAV innan varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT). Hos oss går produksjon og menneskeleg utvikling hand i hand.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
082fb863-cc16-478c-b070-185f997390d4
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
459056797