Kombinasjonsstilling i heimebasert omsorg - 100 % fast
Lom kommune
Lom, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider i hjemmetjenesten
Oppstart
24. november 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Aktuelle arbeidsoppgåver:
• Sikre brukaren praktisk bistand etter vedtak ved å bistå med å dekkje viktige behov den einskilde brukar sjølv ikkje er i stand til å ta i vare for ei kortare eller lenger periode. Dette være seg naudsynt reinhald av opphaldsrom bustad, oppvask / kledevask, handel, ernæringsarbeid, og bistand til personleg hygiene og dusj. Heimehjelpa skal bidra til at brukaren kan greie seg mest mogleg sjølv, trivsel, og bo lengst mogleg i eigen heim.
• Yte naudsynt helsehjelp etter vedtak til brukare med behov for naudsynt helsehjelp for å kunne bo i eigen heim. Helsehjelpa ytes i form av pleie og omsorg, førebyggjande, behandlande og opptrening i forbindelse med sjukdom, skade eller funksjonshemming.
• Nytte journalsystemet Profil / mobil omsorg som eit dageleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging / utføring av oppgåver, og dokumentasjon.
• Følgje rutinar i avdelingane og bidra til forbetringsarbeid.
Kvalifikasjonar:
• Offentleg godkjent helsefagarbeidar.
• Dersom det ikkje er søkjarar som tilfredsstiller kvalifikasjonskravet, kan søkjarar med anna relevant erfaring eller utdanning bli vurdert. Opplæring vil bli gitt ved behov.
• Vi oppmodar også søkjarar som ikkje allereie har helsefagleg utdanning, men som ynskjer å utføre ein slik utdanning, til å søkje.
• Erfaring frå likande arbeid.
• Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
• Godkjent politiattest.
• Førarkort klasse B.
• Personleg eigenskapar vektleggast for stillinga.
Vi ser etter deg som:
• Er trygg, fleksibel, og motivert.
• Er ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktig.
• Evnar godt å arbeide både sjølvstendig og i team.
• Har gode kommunikasjonsevner.
• Har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling.
• Har endringsvilje og er ein lagspelar.
• Vil vera med å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
• 100% fast stilling for tida i praktisk bistand (heimehjelp) og heimesjukepleie frå 24.11.25.
• Arbeidstid etter gjeldande arbeidsplan med fortida dagtidarbeid vekedagar i praktisk bistand (heimehjelp), og arbeid for tida kvar 3. helg i turnus i heimesjukepleia.
• Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde.
• Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.
Andre opplysningar:
• Lønn etter avtale.
• Kommunale tilsetjingsvilkår.
• Ved interne opprykk kan stillingar i andre stillingsbrøkar blir ledige, og tilsetting vil da skje på bakgrunn av søkjarane til denne stillinga.
• Elektronisk søknadsskjema finn du på www.lom.kommune.no.
• Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
• Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
• Søknadsfrist: 10.8.25
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ynskjer du å bu og arbeide midt i vill natur og høge fjell, med tur-, jakt- og fiskemoglegheiter rett utanfor døra? Likar du frisk luft og god plass? Vil du jobbe ein dag, og gå opp på Galdhøpiggen den neste? Då er Lom kommune staden for deg! Kom til Lom for å bu og arbeide i ei kommune med fokus på moglegheiter, utvikling og inkludering. Kom til oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
07fe51e3-4daa-4aa8-9319-6a7212b1b308
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
07fe51e3-4daa-4aa8-9319-6a7212b1b308