Pedagogisk leiar og barnehagelærar
Luster kommune Oppvekst
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vera med og skapa ein framtidsretta barnehage? Lustrabarnehagen treng fleire dyktige og inspirerande tilsette frå 01.08.2023. Saman skal me gje barna fine og trygge dagar med leik, opplevingar, utvikling og læring.
Lustrabarnehagen har gjennom fleire år satsa på inkluderande barnehagemiljø og psykisk helsefremjande barnehagar. Hjå oss kjem barnet fyrst, og me ønskjer at barna skal oppleva meiningsfylte kvardagar saman med kompetente, engasjerte og omsorgsfulle vaksne. Me har mange medarbeidarar med lang erfaring, men også fleire som er ferske i barnehageyrket, noko som er verdifullt for barnehagane. Kommunen arbeider kontinuerleg med kompetanseutvikling av personalet, og me kan leggja til rette for naudsynt etter- og vidareutdanning. Barnehagane deltek elles i både kommunale og regionale fagnettverk.
Ledige stillingar:
- 100 % fast pedagogisk leiar Hafslo barnehage
- 100 % fast pedagogisk leiar Gamlestova barnehage
- 40 % vikar (01.08.23-31.07.24) pedagogisk leiar Gamlestova barnehage
- Inntil 100 % vikar barnehagelærar Gamlestova barnehage
- 20 % fast barnehagelærar Skjolden oppvekstsenter
- Inntil 80 % fast barnehagelærar Solvorn oppvekstsenter
- 80 % fast barnehagelærar Veitastrond oppvekstsenter
- Inntil 100 % fast pedagog med ansvar for tiltak Skjolden oppvekssenter
- 40 % vikar (01.08.23- vår 2024) barnehagelærar Hafslo barnehage
I søknadsskjema kan du velge kva stillingar du vil søkje på.
Av erfaring vil me først ha den totale oversikta over tal stillingar og kvar det er ledig stilling i løpet av våren. Om det skulle verta behov for fleire stillingar enn det som er utlyst i denne hovudutlysinga, vil me kontakta aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga no gjeld med andre ord også for andre ledige stillingar som kan koma til utetter våren. Du kan difor få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga.
Kvalifikasjonar:
- godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- gjerne erfaring frå barnehage
- beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- menn vert oppmoda om å søkje
- sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen
- bidra til eit godt samarbeid med føresette
- ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar
Personlege eigenskapar:
- positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
- evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette
- likar å arbeida i lag med andre
- taklar høgt tempo i kvardagen
- godt humør
Me kan tilby:
- spennande og varierte arbeidsdagar
- systematisk kvalitetsarbeid i ein sterk fagleg organisasjon
- fokus på pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
- løn og pensjonsvilkår etter gjeldande avtaleverk
- Politiattest må leggast fram før tilsetjing
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
- Hafslo barnehage: Solveig Løkkebø: solveig.lokkebo@luster.kommune.no, 57 68 58 35 / 416 22 595
- Gamlestova barnehage: Per Rune Joranger: per.rune.joranger@luster.kommune.no, 57 68 58 50 / 450 82 357
- Solvorn oppvekstsenter: Grete Marie Skårhaug Solvi Solvi: grete.marie.skarhaug.solvi@luster.kommune.no, 57 68 58 40 / 900 37 684
- Skjolden oppvekstsenter: Ellen Havellen: ellen.kristin.havellen@luster.kommune.no, 57 68 59 40 / 415 63 871
- Veitastrond oppvekstsenter: Elisabeth Alme: elisabeth.alme@luster.kommune.no, 993 60 226
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2277679
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3127475_220853_nn