Klinikkleiar
IDI - Askøy klinikkområde, Vestland fylkeskommune
5300 Kleppestø
Om jobben
Stillingstittel
Klinikkleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Askøy klinikkområde høyrer til Sentrum Tannhelseområde, og består av Askøy tannklinikk. Det er til saman 19 tilsette: 6 tannlegar, 4 tannpleiarar og 9 tannhelsesekretærar.
Askøy tannklinikk er lokalisert på Kleppestø Senter som ligg sentralt på Askøy like ved Kleppestø kai og bussterminal. Det går passasjerbåt mellom Kleppestø kai og Strandkaien Bergen sentrum. Ca 13 minuttar overfartstid.
Arbeidsoppgåver
- Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og føl målsetnadane til Vestland Tannhelseteneste- Syte for at klinikkområdet gjev tilbod med høg fagleg kvalitet og god service til pasientar
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette med fagleg utvikling og god medverknad
- Personalleiing
- Økonomistyring
- Fagansvar. Ved tilsetting av anna yrkesgruppe enn tannlege, kan fagansvar delegerast.
- Klinisk verksemd
- Klinikkleiar er ein del av områdeleiar si leiargruppe, og er forventa å delta aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for området
Kvalifikasjonar
Klinikkleiar skal ha tannhelsefagleg bakgrunn, og det blir stilt krav om godkjent norsk autorisasjon.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg, søknaden må være på norsk.
Den som skal tilsetjast må leggje fram politiattest
Det er ein føremon med formell leiarutdanning og/eller erfaring som leiar.
Kompetent, open og modig er dei grunnleggande verdiane i Vestland Fylkeskommune, og skal være grunnlag for all leiing
Personlege eigenskapar
vi søkjar deg som;
- set pasientane i fokus for klinikkområdet sitt arbeid
- byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
- gjennom god leiingspraksis etablerer tillit og skapar samhald
- opptrer tydeleg som arbeidsgjevar og gjennomfører administrative vedtak
- har gode kommunikasjonsevner
- har god gjennomføringsevne
- kjennskap og erfaring frå offentleg tannhelseteneste er eit føremon
- evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiarane og områdeleiar
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
- Alle nytilsetjingar blir gjort med 6 mnd prøvetid
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak
vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298Arbeidsstad
5300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4703479927
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2426671
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ec0558d49c7e44e2b70e55962db94983