Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Familierettleiar/psykolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
I Oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege, med barn, unge og føresette i sentrum. Dette betyr blant anna å samarbeide betre mellom fagområda og på tvers av aldersgrupper. Det er etablerte strukturar for samarbeid internt i Familiens hus og med ulike eksterne samarbeidspartnarar.
Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Her inngår Barneverntenesta, Førebyggande helse og eining for Barn, unge og familiar. Familieteamet er ein egen avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og Familieteamet med sitt tenestetilbod er ein viktig del av laget kring barnet.
Familieteamet i Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge frå 0 til 18 år og deira føresette som strevar med ulike problemstillingar knytt til blant anna psykisk helse, trivsel og samspel. Vi søker deg som har erfaring frå arbeid med psykisk helse og endringsarbeid i familiar.
Familieteamet har ledig: 100 % stilling Arbeidsoppgåver- Klinisk arbeid med barn, unge og familiar
- Kartlegging og oppfølging av lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge
- Rettleiing og endringsarbeid i familiar, individuelt og i grupper
- Familiesamtalar
- Tverrfagleg samarbeid
- Psykolog eller minimum 3-årig utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis helse- eller sosialfagleg utdanning
- Vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi eller anna relevant vidareutdanning knytt til psykisk helse
- Erfaring frå klinisk arbeid med psykisk helse
- Ønskeleg med sertifisering i rettleiingsmetodikk
- Førarkort klasse B
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
- Forståing og kunnskap om barn/ungdom og psykisk helse.
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid, og bruk av IT som arbeidsverktøy
- Er samarbeidsorientert og jobbar godt i tverrfaglege team
- Ønsker å bidra til å vidareutvikle kommunen sitt arbeid med psykisk helse, helsefremming og førebygging på oppvekstfeltet
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi ønsker å vere tilgjengelege når brukarane våre er det. Difor må du rekne med arbeid på ettermiddagstid inntil ein til to kveldar i veka.
Vi tilbyr- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Ei spanande stilling i ei teneste i utvikling
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Avdelingsleiar for Familieteamet; Lillian Slettevold, telefon 415 04 303 eller leiar for Familiens hus Linda Hevrøy på telefon 971 56 989
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
077e093a-2d50-4600-8490-a525b11c4bd6
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3585085_195935_nn
Lignende annonser
100% fast stilling som miljøterapeut
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
Sted
Os
Psykolog i sjukehus
Arbeidsgiver
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)/ Spesialpoliklinikken, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Miljøterapeut i Utekontakten, vikariat
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
Sted
Os