Hopp til innhold

1.dekksoffiser - Arsvågen-Mortavika

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

E39, 5561 Bokn

Om jobben

Stillingstittel
Ambulerandre 1.dekksoffiser- Arsvågen-Mortavika
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 14. mai

Vil du jobbe på eit av Norges største samband?

Fjord1 søker no etter ei ambulerande 1.dekksoffiser til sambandet Arsvågen–Mortavika. 

I ei ambulerande stilling har du fast turnus og fast løn, men arbeidet vil variere etter behov på dei ulike fartøya i sambandet. Det gir ei god kombinasjon av tryggleik, fleksibilitet og variasjon i jobben. Turnus er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodan bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperioden vert dekka av rederiet.

I denne stillinga får du brei erfaring med manøvrering til og frå kai under krevjande vêrforhold, stor trafikk og høgt tempo. Dette gir eit solid grunnlag for å utvikle verdifull kompetanse innan samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering i krevjande situasjonar. Du vil jobbe tett saman med dyktige kollegaer og få innsikt i heile drifta – noko som er svært nyttig i vidare karriere. 

Tiltreding etter avtale. 

Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling på si vakt
  • Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
  • Tryggleiksoffiser
  • Navigere sjølvstendig på si vakt
  • Ettersyn av navigasjonsutstyr
  • At navigasjonshjelpemiddel er i samsvar med gjeldande reglar
  • At førstehjelpsutstyr er i samsvar med gjeldande reglar
  • At brann- og redningsutstyr er i orden og vert vedlikehaldt i samsvar med Amos
  • Opplæring av personell
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg, delta om naudsynt
  • Andre oppgåver iht. stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D4-sertifikat
  • VHF/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandteringskurs
  • Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskapar muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Vi søker ein engasjert og ansvarsbevisst 1.dekksoffiser med gode leiareigenskapar og solid navigasjonskompetanse. Du trivast med å ta ansvar for sikkerheit og operasjonar om bord, samarbeider godt i team, og er opptatt av kvalitet og service. Om desse eigenskapane beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad!

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Sjøvakt, 2 veker på og 2 veker av. Ein bur om bord i arbeidsperioden
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Treningsrom om bord i fartøyet
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

E39
5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5114673079
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Ellingsen

Rekrutteringsmedarbeider

47887896

benedicte.ellingsen@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0779e5ef-7294-40b7-ac59-9b3816b72f5e

Sist endret

28. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2d65a6a1ce564ccdb9c0fbb1c6cb8d1a

Lignende annonser

Laster lignende annonser