Inspektør ved Sogndal opplæringssenter
Sogndal kommune Sogndal opplæringssenter
Hovevegen 2 , 6856 Sogndal
Om jobben
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vi søkjer inspektør ved Sogndal opplæringssenter i fast stilling. Opplæringssenteret ligg sentralt til i Sogndal med eit nærområde som innbyr til variert og inkluderande opplæring.
Som inspektør ved Sogndal opplæringssenter er du ein del av leiinga av 16 tilsette. Opplæringssenteret tilbyr norskopplæring for vaksne og grunnskule for vaksne. Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for deltakarane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.
Skulen er også ein del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som inspektør er du også ein del av fellesskapet for skuleleiarar i ein ny og relativt stor organisasjon. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og dine tilsette sikra god kvalitet og utvikling for elevane uavhengig av kvar ein bur i den langstrakte kommunen.
Me søkjer ein relasjonssterk og inkluderande leiar til å leia Sogndal opplæringssenter kommande skuleår.
Arbeidsoppgåver:
Pedagogisk utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.
- Prøveavvikling (grunnskuleeksamen, norskprøver, samfunnskunnskapsprøver, statsborgarskapsprøver).
Samspel med ulike institusjonar, deltakarar og nærmiljø.
Oppfølging av deltakarar og deltakarane sitt læringsmiljø.
Sikre god og heilskapleg koordinering av Sogndal opplæringssenter sitt arbeid mot eksterne samarbeidspartnarar.
Koordinering og oppfølging av deltakarar med behov for spesialundervisning eller sosialpedagogisk oppfølging.
Hovudansvar for det digitale arbeidet ved skulen, oppfylging av tenester både mot tilsette og elevar
Det må påreknast noko undervisning i stillinga.
Kvalifikasjonar:
Relevant høgare pedagogisk utdanning
Ynskje om formell leiarutdanning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
God kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.
Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Som skuleleiar i Sogndalsskulen er det forventa at du har, eller er motivert for å ta rektorskulen eller annan skuleleiarutdanning.
Personlege eigenskapar:
Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ
Evne til å jobba både i team og sjølvstendig.
Strukturert, tydeleg og målretta
Stor arbeidskapasitet
Fleksibel og evne til å handtere endringar og nye utfordringar
Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende
Løn etter avtale
Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2289505
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3137501_200255_nn