Rådgjevar
Nav Kinn, Kinn kommune
Hans Blomgate 39, 6905 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Blir du motivert av å jobbe med menneske og har tru på den enkelte sine ressursar?
Er du ein person med pågangsmot og engasjement, som ønskjer å gjere ein forskjell? Trivast du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan du vere den vi ser etter.
Om oss:
Kinn kommune har 17 419 innbyggarar. Nav Kinn har 34 tilsette med kontor i Måløy og Florø, organisert i to avdelingar: Brukarsenter og Oppfølging. Vi har no ledig eit 100% vikariat som rådgjevar i Florø, i avdeling Oppfølging.
I avdelinga følgjer vi opp innbyggjarar som mottar AAP, uføretrygd eller andre ytingar, og som har behov for tettare oppfølging og rettleiing.
Avdelinga jobbar også etter Ungdomsgarantien, som er ei forskriftsfesta lovendring frå 2023. Ungdomsgarantien skal sikre at unge under 30 år får eit tilbod om individuelt tilpassa oppfølging. Målet er å styrke unge sine moglegheiter til å skaffe eller behalde arbeid, samt bidra til ei stabil tilknyting til arbeidslivet.
Som medarbeidar hos oss skal du rettleie og motivere menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon på grunn av helse, sosiale utfordringar og/eller arbeidsløyse, og som har behov for bistand og oppfølging frå Nav-kontoret for å kome i arbeid og meiningsfull aktivitet.
Vi ser etter ein engasjert medarbeider som kan tre inn i rolla raskt.
Arbeidsoppgåver
Som rettleiar hos oss, vil arbeidet dreie seg om:
- Oppfølging og rettleiing av personar som treng hjelp til å kome i arbeid
- Bidra til at arbeidssøkjarar utarbeider plan med aktivitetar mot arbeid, og støtte opp under at den blir gjennomført
- Kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter med mål om arbeid
- Motivere arbeidssøkjarar til arbeid
- Samhandle med kollegaer, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
- Saksbehandle og dokumentere i våre fagsystem etter gjeldande lovverk og retningslinjer
- Oppsøkje og samarbeide med arbeidsgivarar for å gi fleire arbeidssøkjarar moglegheiter i arbeidslivet
- Følge opp unge under 30 år gjennom heilskapleg oppfølging og rettleiing i tråd med ungdomsgarantien og hybridmodellen
- Halde deg fagleg oppdatert på lovverk og arbeidsmarknaden
Vi er i stadig utvikling, så arbeids- og ansvarsområdet kan endre seg. Stilingens innhald kan også justerast basert på kontorets behov.
Nav Kinn har to lokasjonar. Tilsette må rekne med å reise mellom lokasjonane ved behov.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Høgare relevant utdanning på bachelornivå som til dømes sosionom, sosiologi, samfunnsvitenskap og juss. Deler av utdanningskravet kan erstattast av lang og relevant erfaring
- Kjennskap, interesse og forståelse for Nav's lov- og rammeverk
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og muntleg
- Gode digitale ferdigheiter og interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå arbeid i Nav
- Erfaring frå veiledning av mennesker i endringsprosesser
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- Du er systematisk, strukturert og jobbar sjølvstendig
- Du er motivert og trivst med arbeidsoppgåver som inneber brukarkontakt via samtalar, digitale system og telefon
- Du er ein relasjonsbyggar som likar å arbeide med menneske og har evne til å skape gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartnarar
- Du møter brukarar med likeverd og respekt, samstundes som du set grenser og avklarar forventningar
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan viktig samfunnsområde
- Ein organisasjon som er i stadig endring og som gir moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Kjekke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmijø
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetting i Kinn kommune etter gjeldande tariffavtalar
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP (2% pensjonstrekk)
Kontaktinformasjon
Lene Ullaland Veka, Avdelingsleiar NAV Kinn, 41377182Arbeidsstad
Hans Blomgate 396905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4977360757
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Lene Ullaland Veka
Avdelingsleiar NAV Kinn
41377182
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
07579a9a-1d09-4849-88c9-166be8338e33
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ea3c4533baf49759a8c34929efaeebf