Helsesekretær/sekretær
Læring og meistringssenter Haugesund
Longhammarvegen 36, 5536 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Oppstart
10. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vi har ledig vikariat som sekretær i 50 % stilling ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) for somatikk i Helse Fonna. Her får du vere med på å legge til rette for pasient- og pårørandeopplæring, i tett samarbeid med koordinator og funksjonsleiar i LMS.
Kurstilbod finst ved fleire ulike avdelingar, og er retta mot pasientar med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne og deira pårørande. LMS-teamet består av funksjonsleiar, sekretær og koordinator. Du blir ein del av ei spennande og innovativ eining med varierte oppgåver som vi løysar. Vi har tett samarbeid med LMS Psykisk helsevern og LM nettverk Helse Vest, noko som gir stor motivasjon og glede i arbeidskvardagen.
Lærings- og meistringssenteret er organisert i medisinsk klinikk og er samlokalisert med habiliteringstenesta i avdeling for habilitering, læring og meistring.
For tida er arbeidsplassen lokalisert i Bergsenteret på Raglamyr, noko som betyr gratis parkering rett utanfor døra.
Høyres dette ut som noko for deg? 👉 Då må du søkje no!
Kva går jobben ut på?
Som sekretær vil du blant anna:
- Ansvar for merkantile oppgåver knytt til LMS-kurs
- Registrering i journalsystemet
- Skrive samanfatting av evalueringar etter kurs
- Svare på telefonar i eininga
- Følge opp rapporteringer etc i pasientadministrativt system
- Administrere brukarhonorering
- Samarbeide med fageiningar om planlegging av kurs
- Vedlikehalde kursplanar og anna innhald på nettsider
- Kontakt med kursleiarar og brukarmedverkarar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ønskeleg med utdanning som helsesekretær, men ikkje eit krav
- Krav til erfaring frå helsetenesta
- Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Dips
- Ønskeleg med Kjennskap til LMS/pasient- og pårørandeopplæring er ønskeleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har evne til å jobbe strukturert og har god oversikt
- har gode samarbeidsevner
- er serviceinnstilt
- har evne til å arbeide sjølvstendig
Personlege eigeskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Jo, for hos oss får du:
- Fleksibel arbeidstid som gjer det lettare å få kvardagen til å gå opp
- Eit tverrfagleg fellesskap med engasjerte og støttande kollegaer
- Gode moglegheiter for både fagleg utvikling og personleg vekst
- Ein variert arbeidsdag der du får bruke både hovudet og hjartet
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Anne Brynjelsen, Avdelingsleiar, 901 09 185, kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.noAnne-Kjersti Larsen, Funksjonsleiar LMS, 918 81 831, anne.kjersti.larsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Longhammarvegen 365536 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5028394894
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 10.11.2025
Sluttdato: 31.10.2026
Søknadsfrist: 30.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
07447732-342f-4bd2-b7c3-3e47e8eb7584
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ad9507878c9d4ad4bd316b58e4458fe6
Lignende annonser
Faste helgestillinger
Arbeidsgiver
Bjørgene sykehjem
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Helsehuset og Bjørgene omsorgsboliger, Haugesund kommune
Sted
Haugesund
Helsesjukepleiarar
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Helse
Sted
Ølen