Hopp til innhold

Sykepleier - Helseekspressen

Arbeidsgiver

Felles akuttmottak, Haugesund

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Sykepleier
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Vil du vere med på helseekspressen – bussen som går tur/retur Haugesund sjukehus, Stord sjukehus og Haukeland universitetssjukehus kvar vekedag? 
Vi har no ledig eit vikariat for perioden 17.08.26 - 15.08.27. Her får du ein arbeidsdag som kombinerer fag, ansvar og variasjon. Arbeidstida er frå kl. 07.00 til 19.00.
Som tilsett på helseekspressen har du ansvar for inntil fem pasientar med behov for observasjonar og behandling under transporten. Sykepleierne på Helseekspressen er tilsett under Felles akuttmottak, og stillinga inneber òg helge- og heilagdagsarbeid i akuttmottaket.
Du blir del av eit lite og samkøyrt team på bussen – saman med sjåfør og helsefagarbeidar – og eit større tverrfagleg lag i akuttmottaket.
👉 Søk no og bli ein del av laget vårt!

Kva går jobben ut på?

  • Arbeidstid: Langvakter på vekedagar og dag/kveld på helg og heilagdagar.
  • 16 arbeidshelger og inntil 4 bevegelege heilagdagar i året.
  • Helseekspress: Ivaretakelse og overvåkning av pasienter under transport
  • Akuttmottak: Mottak, stabilisering og behandling av pasienter med behov for øyeblikkelig hjelp.
  • Samarbeid i tverrfaglige team.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med relevant erfaring.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • Ønskeleg med kompetanse i nødnett.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er trygg og sjølvstendig i arbeidet ditt
  • tilpassar deg ulike situasjonar og arbeidsoppgåver
  • kommuniserer godt med både pasientar og kollegaer
  • trivst med å samarbeide i tverrfaglege team
  • held roen og har oversikt når tempoet er høgt i akuttmottaket

Kvifor skal du velje oss?

  • Ei spennande stilling med stor grad av sjølvstende.
  • Langvakter som gir rom for lengre friperiodar
  • Triveleg og stabilt arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5133098721
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 14.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Trude Karoliussen

Funksjonsleiar

+47 91856627

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

07070917-3b19-4404-8094-cd3be1f6719d

Sist endret

27. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

29a721460430465eb7a2a324f554400b

Lignende annonser

Laster lignende annonser