ID 995 Fagarbeidar SFO og sekretær på Rimbareid barne- og ungdomsskule 100% stilling
Rimbareid Skule Sfo og sekretær
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. april
Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1.--10. skule med om lag 360 elevar. Skulen ligg flott til på Rimbareid i Fitjar kommune med utsikt over store delar av bygda, og står fram som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.
Rimbareid skule skal vere ein inkluderande skule, der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulere elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagt, utforskande og praktisk undervisning.
Frå 01.08.2025 har me ledig ei 100% fast stilling med todelt arbeidsforhold. Om lag halve stillinga vil vera knytt til merkantile oppgåver på kontoret på skulen, medan resten av stillinga vil vera knytt til arbeid med elevane på SFO.
Me søkjer etter ein medarbeidar som har:-
fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
-
god IKT-kompetanse
-
erfaring frå arbeid i skule og SFO
-
gode munnlege og skriftelege kommunikasjonsferdigheiter
-
god samarbeidsevne
-
evne til å ta initiativ og arbeida målretta og sjølvstendig
-
evne til å vera fleksibel og løysingsorientert
-
god kjennskap til skulen sine ulike oppgåver
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr:-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
-
interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit støttande, triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø. Me har fokus på å vidareutvikla ein inkluderande skule.
Me ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstorleik du ønskjer
Send inn oppdatert CVog referansar når du søkjer. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11
Har du spørsmål eller treng du fleire opplysningar, ta kontakt med:
Trude Mathiesen, rektor ved Rimbareid barne- og ungdomsskule -- tlf. 470 18 230
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke ca 1,5 time sør frå Bergen sentrum, og er ein øykommune som ligg vakkert til nord på øya Stord. Her vil du framleis finne eit urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og om lag 380 øyar, holmar og skjær. Øya har også flotte fjellandskap med mange merka turstiar.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheitar. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar, gode buforhald, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2917244
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
06dafdfa-c92b-4156-b90d-4ce00451ea47