Fastlege i 100% stilling Ved Seljord Helsesenter
Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste
Ingrid Slettens veg 16, 3840 Seljord
Om jobben
Vi er eit veldrive kommunalt legekontor med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Vi har totalt 4010 pasientar delt på 6 lister. Vi har alle våre legeheimlar dekt, fastlønn, gode vilkår og ganske overkommelege listelengder.
- Stillingstittel
- Allmennpraktiserende lege
- Oppstart
- 17. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, kveld og natt, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. januar
Hva vi ser etter
Vi ser etter ein lege som er ferdig med LIS1 tenesta si, gjerne ein lege som ønskjer eit ALIS løp eller allereie er ferdig spesialist i allmennmedisin.
Arbeidsoppgaver
Vi søker etter ein allmennlege i en 100% fastlønna stilling. Arbeidsoppgåver vil bestå av kurativt fastlegearbeid, legevakt og kommunale oppgåver ½-1 dag i veka.
Vi tilbyr
Legekontoret er ein del av Helseavdelinga i Seljord. Denne består av legekontor, legevakt, fysio- og ergoterapi tenesta og helsestasjonstenesta. Desse tenestene er alle lokalisert i same bygg, og det er med på å leggje til rette for både spennande og god samhandling i kvardagen. I tillegg er psykisk helse og rus ein del av Helseavdelinga, men dei er lokalisert i eit anna bygg.
Vi er eit veldrive kommunalt legekontor med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Vi har totalt 4010 pasientar delt på 6 lister. Vi har alle våre legeheimlar dekt, fastlønn, gode vilkår og ganske overkommelege listelengder. Vi er eit primærhelseteamkontor kor ein stor del av hjelpepersonellet er sjukepleiarar, og andre yrkesgrupper med høg kompetanse. Vi er med i "Gode pasientforløp", og jobbar dagleg med å betre pasientforløp og samhandling, både internt i kommunen og opp mot sjukehuset. Vi er brennande opptatt av fag og samhandling på tvers, med pasienten i fokus.
Legekontoret har i dag fem legar som er spesialistar i allmennmedisin og ein som er under spesialisering. Dette er den beste staden å vere om du har lyst til å prøve deg i allmennmedisin, og ein kjempesjanse for ein som vil ut og oppdage distrikts-Noreg!
Vi kan freiste med gode kollegaer, eit godt arbeidsmiljø og fast lønn på både legekontor og legevakt. Vi legg til rette for vidareutdanning i spesialiteten allmennmedisin/ALIS, og kan tilby strukturert rettleiing. Legevakta er for tiden 9-delt med overkommeleg arbeidsbelastning, men frå 2027 er planen å gå over i ein Nordsjøturnus på legevakt. Dette vil i praksis seie at vaktbelastninga for dei faste legane vil bli mindre enn den er i dag.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Legekontoret er ein del av Helseavdelinga i Seljord. Denne består av legekontor, legevakt, fysio- og ergoterapi tenesta og helsestasjonstenesta. Desse tenestene er alle lokalisert i same bygg, og det er med på å leggje til rette for både spennande og god samhandling i kvardagen. I tillegg er psykisk helse og rus ein del av Helseavdelinga, men dei er lokalisert i eit anna bygg.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
06c63af3-bde1-41f6-ba88-b2079cd9f339
- Sist endret
5. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
06c63af3-bde1-41f6-ba88-b2079cd9f339
Lignende annonser
Fastlegevikar i Telemark
Arbeidsgiver
Dignus Medical - Kletor AS
Sted
Telemark
Psykiater
Arbeidsgiver
DPS poliklinikk psykisk helse, øvre TelemarkSykehuset Telemark HF
Sted
Seljord, Notodden
Vernepleier / Omsorgsperson for funksjonshemmede
Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Lundenjordet
Sted
Kviteseid