Ser du moglegheiter der andre ser utfordringar?
Nav Bergen vest
Loddefjordveien 2, 5171 Loddefjord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Ser du moglegheiter der andre ser utfordringar?
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske i ein krevjande situasjon. Er du ein person med pågangsmot og engasjement, som ønskjer å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med varierte oppgåver?
Då kan du vere den vi ser etter!
På Nav Bergen vest har vi ledig tre midlertidige rettleiarstillingar. Oppgåvene omfattar oppfølging av arbeidssøkarar og personar som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet. Ein viktig del av arbeidet er å kartlegge, rettleie og motivere. Som rettleiar ved Nav Bergen vest blir du ein del av eit fagmiljø, der vi kvar dag jobbar for å forebygge og redusere utanforskap hos brukarane våre.
NAV Bergen vest er ein del av NAV region Bergen, og vi samarbeider tett med dei andre bydelskontora i regionen. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Den ledige stillingen høyrer til den statlege delen av kontoret. Kontoret har til saman 150 kommunale og statlege tilsette. Vi gir tenester til bydelane Fyllingsdalen og Laksevåg, og held til i sentrale og nyoppussa lokale på Vestkanten storsenter.
Arbeidsoppgåver
Som rettleiar vil du:
- gi individuell oppfølging av arbeidssøkarar og andre som har behov for oppfølging frå Nav. Dette inneber kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid med fokus på den enkelte brukar sin kompetanse og moglegheit til å kome i arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet.
- følgje opp og rettleie gjennom samtalar og samarbeidsmøta, både fysisk og digitalt
- vere i tett dialog med arbeidsgivarar, tiltaksbedrifter, helsepersonell og andre samarbeidspartnarar
- sakshandsame etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning, tiltaksforskrifta og anna relevant lovverk
Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og avdelingstilknyting kan bli endra.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- god digital kompetanse og evne til å handtere ulike fagsystem
- god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- gode norskkunnskapar
Det er ønskeleg at du har:
- god rettleiingskompetanse
- Samfunnsengasjement
- kunnskap om arbeidsmarknaden og arbeidslivet sine behov
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er trygg og som taklar ein variert og hektisk arbeidskvardag
- raskt set deg inn i nye arbeidsoppgåver og utfordringar
- er god til å bygge relasjonar, motivere og inspirere
- har gode samarbeidsevner
- er strukturert og har god arbeidskapasitet
- er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- Relevant opplæring og gode moglegheiter for utvikling
- Fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
- Lønn i stillingskode 1434 rådgivar frå kr. 590 000 til kr 630 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Ingvild Haugland, Avdelingsleiar, 932 09 972
Arbeidsstad
Loddefjordveien 2
5171 Loddefjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAV
Referansenr.: 4967082221
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Ingvild Haugland
Avdelingsleiar
932 09 972
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2936516
- Hentet fra
talentech
- Referanse
daed8dd808af4848a98412414985ad13