Hopp til innhold

Skipsførar i ressursgruppa på hurtigbåtane i region Vestland

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Strandkaien, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar i resurssgruppe på hurtigbåtane
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. april

Fjord1 har no ledig stilling som skipsførar i ressursgruppa for våre hurtigbåtar.

Som skipsførar i ressursgruppa vil du tenestegjere om bord på samtlige hurtigbåtar, og vere ein fleksibel ressurs der behovet til ei kvar tid er størst. Du vil vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og bidra til trygg og stabil drift på tvers av av fleire samband. I første omgang vil hovudtyngda av tenesta vere knytt til samband i Bergen og Stavanger. Stillinga vil og omfatte sambandet Bergen - Sogn/Nordfjord, når Fjord1 overtek drifta der i slutten av 2026. Du må difor rekne med å arbeide på ulike fartøy og i ulike geografiske område i regionen.

Stillinga har fast turnus med to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale. 

For å kunne utføre arbeidet må du disponere eigen bil, då du vil tene på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgivar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom bustad og arbeidsstad. Du kan reise heim etter endt vakt, og vi tilbyr hybel i arbeidsperioden.

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.

    Kvalifikasjonar

    • D1 sertifikat
    • ROC/GMDSS-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
    • Min 6 mnd fartstid som navigatør på hurtiggåande fartøy
    • Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
    • Krise-og passasjerhandtering
    • Gyldig helseattest

    Personlege eigenskapar

    Vi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.

    Vi kan tilby deg

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
    • Turnus: 2 veker på og 2 veker av.
    • Hybelordning i arbeidsperioden.
    • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar.
    • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer. 
    • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Arbeidssted

    Strandkaien
    5009 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5109791011
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Benedicte Ellingsen

    Rekrutteringsmedarbeider

    47887896

    benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    0645e9ac-d319-41e3-9d10-ae0b92ed03a5

    Sist endret

    14. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    f68bc27ee79e462aa60140b8e8651082

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser