Barne - og ungdomsarbeidar i barnehage - faste og mellombelse stillingar
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar i barnehage - faste og mellombelse stillingar 2025/2026
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. mai
Om stillingane
Frå 01.08.2025 har barnehagane i Alver kommune ledige stilllingar som barne- og ungdomsarbeidarar i varierande stillingsstorleik. Vi treng tilsette både i heile stillingar og deltid.
Alver kommune har frå hausten 6 barnehagar. Mange av skulane vil ha behov for ein eller fleire nye medarbeidarar til hausten.
Les meir om barnehagane våre her.
Kvalifikasjonskrav
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
I vår barnehage blir du ein del av eit engasjert og dyktig team.
Du vil jobbe saman med flotte barn som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Kontaktpersoner for stillingen
Christine Helgesen Teigland
Styrar - Juvikstølen barnehage
56 37 53 94
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted