Sjukepleiar eller vernepleiar? Hos oss får du bruke både hovud og hjarte
Barne- og ungdomspsykiatrisk post Haugesund
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. juli
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest?
Då kan dette vere stillinga for deg. Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved døgnposten i BUP Haugesund. Her møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar, og du spelar ei viktig rolle i å skape struktur, tryggleik og håp i kvardagen deira.
Ja, du kjem til å jobbe mest på natt – og det kan vere både roleg og krevjande. Men du blir ikkje ståande åleine. Vi støttar kvarandre, og er til stades – for pasientane og for kvarandre.
Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode – det krev også varme, tålmod og evna til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett med både familie og nettverk rundt pasientane.
Vil du vite meir? Ring oss gjerne for ein uforpliktande prat. 👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Tryggleik og tett oppfølging av pasientar som er innlagde.
- Medverke i utgreiing og behandling saman med lege og psykolog.
- Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid og teammøte.
- Vere ein del av beredskap ved akutte situasjonar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Erfaring frå psykisk helsevern og barn og ungdom - gjerne med vidareutdanning innan feltet.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- tar ansvar og er trygg i rolla di
- er til stades for pasienten
- har evne til å snu deg raskt når dagen ikkje blir som planlagt
- er ein lagspelar og bidreg til eit trygt miljø
Personlege eigenskapar som passar godt i møte med barn, unge og familiar vil bli vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- God opplæring og blir tatt godt imot.
- Bruke deg sjølv - både som fagperson og medmenneske.
- vere med på å gjere ein forskjell for barn og unge som treng det mest.
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732850, georg.walter.reinhardt@helse-fonna.noMarit Elise Lier, Funksjonsleiar, 52732850, marit.elise.lier@helse-fonna.no
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850, lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4976653023
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Sluttdato: 10.03.2026
Søknadsfrist: 27.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
062d692b-da96-4fed-b402-5ba777757a43
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ef40a76bbc2d4a9f85bcdc58950501cc