Ønskjer du ei spennande læretid med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø?
Bremanger kommune
Postboks 104, 6721 Svelgen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Vil du arbeide med barn og ungdom? Er målet ditt å få fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan barne- og ungdomsarbeid hjå oss!
Bremanger kommune har ledige lærlingplassar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2025. Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.
Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få brei erfaring innan ditt fagfelt.
Arbeidsoppgåver
- Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
- Sørge for at barn og unge opplev ein meningsfull kvardag, gjennom å sjå kvart enkelt barn
- Inkludere barn og unge i planlegging av kvardagsaktivitetar, og skape eit sosialt fellesskap
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått relevant VG1 og VG2
- Kvalifisert til lærekontrakt
- Beherske data som verktøy
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøve yrket forsvarleg
Personlege eigenskapar
- Som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget må du like å arbeide med barn og ungdom
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel og påliteleg
- Du må kunne kommunisere med mennesker med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar
- Evne til læring og omstilling er viktig
- Vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
- Kan takle ein hektisk og variert arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring. Oppfølging av lærling skjer i samarbeid med opplæringskontoret
- Mogelegheit til eigenutvikling og refleksjon
- Trivelege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
- Gode arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
- Verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
- Målretta rettleiing i både det teoretiske og praktiske arbeidet
- Løn i høve gjeldande tariffavtale
- Gode forsikringsordningar
- Vi kan hjelpe til å skaffe bustad
- Du har forsikring heile døgnet
- God pensjonsordning i Kommunal Landspensjonskasse
Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.
Vi håpar du ønskjer å verte lærling i Bremanger kommune og ser fram til å få deg med på laget!Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Kontaktinformasjon
Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, 97167462Arbeidsstad
Postboks 1046721 SVELGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4933755038
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 31.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Gro Bakke Abildsnes
Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
97167462
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2882583
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bcbba3f90ac24b9aa3e5a14974ee6781