Skei bu- og miljøteneste har ledig helgestilling
Sunnfjord kommune Skei bu- og miljøteneste
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar på natt
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Skei bu- og miljøteneste, er ei av 6 bu og miljøeiningar i kommunen. Eininga har omlag 17 årsverk. Vi yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Vi jobbar brukarnært og brukarane treng kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege råmer. Det inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar. Dei som bur her treng trygge netter, eininga har to vakande nattevakter på kvar natt.
Eininga vår er i bufelleskap på Skei med 7 leilegheiter. Personalbasen ligg i bufellesskapet.
Vi har ledige helgestillingar på 20 % - 30 %:
- miljøarbeidar frå snarast til 01.02.26, med arbeid kvar 3. eller kvar 4. helgmiljøarbeidar/miljøterapeut frå snarast, med arbeid kvar 3. eller kvar 4. helg. Fast stilling.
Vi ser etter fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Har du eit stort engasjement og interesse for å arbeide med menneske med samansette hjelpebehov, og ønsker å vere del av eit fagmiljø basert på målretta miljøarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.
Arbeidsoppgåver:
- praktisk bistand og oppfølging av den enkelte bebuar
- skape trygge rammer for natta
- delta i fagleg utvikling
- journalføring
Krav til søkar:
- erfaring med målretta miljøarbeid til menneske med psykisk utviklingshemming er ein fordel men ikkje eit krav
- god i norsk munnleg og skriftleg
- IKT kunnskapar
- godkjent politiattest før oppstart
Om du ikkje stettar utdanningskravet, kan du søkje. Intern opplæring vert gitt og du vert tilsett i mellombels stilling.
Vi søker deg som er:
- er fleksibel, evner til å skape gode relasjonar
- har gode samarbeidsevne, bidra til eit godt arbeidsmiljø der ein har fokus på å spele kvarandre gode
- er engasjert og løysingsorientert
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
- spennande og faglege utfordringar
- opplæring/rettleiing/fagleg oppdatering
- løn etter gjeldande avtaleverk
Velkomen som søker!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851714
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3459523_191737_nn