Seksjonssjef Plan og utbygging
Statens vegvesen
Bergelandsgata 30, 4012 Stavanger, Rennesøygata 16, 5537 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonssjef Plan og utbygging
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. mai
Om stillinga
Å ta vare på det me har, er noko av det finaste me kan gjera for samfunnet og klima.Me søkjer ein Seksjonssjef til å leia seksjonen vår Plan og Utbygging Vest 2. Om du ser etter ein jobb der det skjer mykje, kvar du kan bidra til samfunnsutvikling, møta mange og varierte utfordringar, og samtidig ha moglegheit for fagleg utvikling, kan dette vera stillinga for deg.
Divisjon Drift og Vedlikehald har ansvar for drift, vedlikehald og mindre utbygging på riksvegnettet. Seksjonen skal vareta utbyggingsprosjekt på riksveg innanfor Rogaland og sørlege delar av Vestland. I seksjonen er det 17 medarbeidara som er fordelte på kontorstad Stavanger, Haugesund og Stord. Kontorstad for denne stillinga vil vera anten Stavanger eller Haugesund.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver som seksjonsleiar vil være fagleg leiing, koordinering og utvikling av tilsette og arbeidsoppgåver i seksjonen. Du vil også ha tett samarbeid med andre avdelingar samt bidra inn i avdelinga si leiargruppe.
Du vil leia og utvikla ein seksjon med dyktige medarbeidarar, gjennom innhaldsrike og givande dagar, i eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil være ansvarleg for å sikre ein effektiv og kvailtetsmessig leveranse av tenestene til seksjonen. Dette inkluderar økonomiansvar, oppfølging og personalleiing for medarbeidarane i eininga, rapportering, budsjett, HMS, kvalitet og dessutan å halda oppe god samhandling med andre seksjonar. I tillegg må du være flink til å tilrettelegge for godt samarbeid med andre interne og eksterne aktørar inklusive media. Legg også vekt på at du er ein aktiv bidragsytar inn i avdelinga si leiargruppe der du er med på å utvikle avdelinga.
Om du kjenner deg igjen i ein eller fleire av desse oppgåvene, og synest leiing er eit spennande fag, oppmodar me deg til å søkja!
Kompetansekrav
Du må ha- Minimum tre års relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, primært innanfor tekniske fag . Lang og relevant leiarerfaring eller erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Førerkort kl. B, du må rekna med reiseaktivitet i stillinga.
- Du må ha eller kunne bli tryggleiksklarert etter føresegnene i tryggingslova.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
I vurderinga av kandidatar, vil det vera ein fordel om du har:- Utdanning innan leiing og personalhandtering eller omfattande erfaring frå leiing i større verksemder, og gjerne erfaring med fjernleiing
- Erfaring med rapportering og oppfølging av økonomi, HMS og kvalitet
- Kompetanse innan digitalisering og utviklingsarbeid
I tillegg til faglige kvalifikasjoner, leter vi også etter riktige egenskaper, holdninger og motivasjon. Til denne lederstillingen trenger vi en leder som:
- Er samlande og motiverande, med evna til å arbeida godt saman med andre og bidra til eit positivt arbeidsmiljø. Du støttar og oppmuntrar teamet til gode relasjonar prega av tillit og samarbeid for å nå felles mål.
- Er handlekraftig og løysingsorientert, med evne til å raskt omprioritera.
- Engasjerer medarbeidarar til å tenkja framover. Du handterer ein hektisk arbeidskvardag utan å mista langtidsperspektivet. Du tenkjer strategisk og oppnår resultat saman med medarbeidarane dine
- tek tydelig og konstruktiv plass i leiargruppa
Vi legg vekt på dine personlege egenskapar som leiar, og dine egenskapar inn i leiargruppa i avdelinga.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekkVi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå avdelingsdirektør Svenn Finden, tlf. 95148614, eller e-post: svenn.finden@vegvesen.no.
Kontaktperson for stillingen
Svenn Egil Finden
Avdelingsdirektør
+4795148614
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.
Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her
Sektor
Offentlig